Hosea 7NO1978NN

1Når eg vender lagnaden ¬for mitt folk, når eg gjer Israel frisk, då vert Efraims syndeskuld ¬openberr, og Samarias vondskap ¬kjem til synes. Dei fer med svik, tjuvar bryt seg inn, og røvarar herjar på gata.

2Dei tenkjer ikkje på at eg kjem ¬all deira vondskap i hug. Men no møter dei ¬sine gjerningar ¬på alle kantar, eg har dei for auga.

3Dei gleder kongen ¬med sin vondskap og hovdingane ¬med sine lygner.

4Alle er dei ¬ekteskapsbrytarar. Dei liknar ein omn ¬som er så heit at bakaren ikkje treng fyra frå deigen er knadd ¬og til han er syrt.

5På festdagen åt kongen vår drikk hovdingane seg sjuke av den heite vinen; han retter handa til spottarar.

6Hjarta deira brenn ¬som ein omn der dei ligg på lur. Heile natta kviler deira vreide, om morgonen brenn han ¬som logande eld.

7Alle saman er heite ¬som ein omn, dei gjer ende på sine domarar. Alle kongane deira er falne, ingen av dei kallar på meg.

8Efraim blandar seg med folka, han er lik ei kake ¬som ikkje er vend.

9Framande har øydt hans kraft, men han veit det ikkje. Håret hans er gråsprengt, men han veit det ikkje.

10Byrgskapen åt israelittane vitnar mot dei sjølve, men dei vender ikkje om ¬til Herren sin Gud, og trass i alt som har hendt, søkjer dei han ikkje.

11Efraim har vorte som ei due, godtruen, utan vit. Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assyria.

12Så snart dei fer av stad, breier eg nettet mitt ut ¬over dei. Eg dreg dei ned ¬som fuglane i lufta; eg vil tukta dei, ¬som folket alt har høyrt.

13Ve dei, at dei rømde frå meg! Død over dei, ¬fordi dei braut med meg! Eg ville løysa dei ut, men dei tala lygn mot meg.

14Dei ropar ikkje til meg ¬av hjarta, men ligg og jamrar på lega si. Dei rispar seg opp ¬for å få korn og vin, men dei vender seg bort ¬frå meg.

15Det var eg som lærte dei opp og gav deira armar styrke, men dei tenkte ut vondt ¬mot meg.

16Dei vender seg til det ¬som ikkje gagnar, dei har vorte lik ein boge ¬som ikkje duger. Deira hovdingar skal falla ¬for sverd fordi dei forbanna ¬med si tunge. For dette vert dei spotta ¬i Egypt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.