Hosea 6NO1978NN

1Kom, lat oss venda om ¬til Herren! For han som reiv sund, ¬vil lækja oss; han som slo, ¬vil binda om våre sår.

2Han vekkjer oss til liv ¬etter to dagar, den tredje dagen ¬reiser han oss opp, så vi kan leva for hans åsyn.

3Lat oss læra å kjenna Herren, ja, jaga etter å kjenna han! Han kjem like visst som ljoset om morgonen. Han kjem til oss som regnet, lik vårregn som væter jorda.

4Kva skal eg gjera med deg, ¬Efraim? Kva skal eg gjera med deg, ¬Juda? Dykkar truskap ¬er som ei morgonsky, lik dogg som tidleg kverv.

5Difor gjev eg dei hogg ¬ved profetane, eg drep dei ¬med ord frå min munn; mine domsord mot deg ¬går fram som ljoset.

6For eg vil ha truskap, ¬ikkje slaktoffer, gudskjennskap heller ¬enn brennoffer.

7Dei braut pakta i Adam, der var dei trulause mot meg.

8Gilead er ein by ¬med ugjerningsmenn, han er full av blodspor.

9Presteflokken er lik røvarar som ligg på lur etter menneske; dei myrdar på vegen til Sikem. Ja, skamlaust verk ¬har dei gjort.

10I Israels hus ser eg fæle ting; der driv Efraim utukt, der gjer Israel seg urein.

11For deg òg, Juda, er det fastsett ein haust.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.