Hosea 5NO1978NN

1Høyr dette, de prestar, lyd etter, du Israels ætt! Kongehus, vend øyra til! For de har ansvar for retten, men de har vorte ¬ei snare for Mispa, eit utspent nett på Tabor

2og ei djup fallgrav i Sjittim. Men eg vil tukta dei alle.

3Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynd for meg. For no har du drive utukt, ¬Efraim, Israel har gjort seg urein.

4Deira gjerningar hindrar dei i å venda om til sin Gud. For dei har ei utuktsånd ¬i hjarta og kjenner ikkje Herren.

5Israels byrgskap vitnar ¬mot han sjølv, Israel og Efraim skal snåva ¬i si synd, og Juda skal snåva med dei.

6Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe, og søkjer Herren, finn dei han ikkje; han har vendt seg bort frå dei.

7Dei har vore trulause ¬mot Herren, for dei har fått uekte born. No skal nymånen gjera ende både på dei og jorda deira.

8Lat hornet gjalla i Gibea, blås i trompet i Rama, lyft hærrop, Bet-Aven! Dei er etter deg, Benjamin!

9Efraim skal verta ei øydemark den dagen straffa kjem. Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjort det som visseleg skal henda.

10Juda-hovdingane har vorte lik folk som flytter ¬merkesteinar. Over dei vil eg ausa ut min harme liksom vatn.

11Efraim er trælka, retten er trakka under fot; for folket gav seg til å fylgja det som ingenting er.

12Eg er som verkjesår for Efraim, som ròtenskap for Juda-ætta.

13Då Efraim såg sjukdomen sin, og Juda merka såret sitt, gjekk Efraim til Assur og sende bod til storkongen. Men han kan ikkje ¬gjera dykk friske og ikkje lækja dykkar sår.

14Sanneleg, eg er som ei løve ¬mot Efraim, som ei ungløve mot Juda-ætta. Ja, eg riv sund og går min veg, eg slepar bort, og ingen bergar.

15Eg går min veg attende til min stad til dess dei vedkjennest ¬si skuld og søkjer mitt åsyn. I si naud skal dei leita ¬etter meg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.