Hosea 8NO1978NN

1Set hornet for munnen! Fienden kjem som ei ørn over Herrens hus, for dei har brote mi pakt og synda mot mi lov.

2Dei ropar til meg: «Min Gud! Vi kjenner deg, vi israelittar.»

3Men Israel har vraka ¬det som godt er, fienden skal forfylgja dei.

4Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg, valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det. Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt. Difor skal dei rydjast ut.

5Kast frå deg kalven din, ¬Samaria! Vreiden min logar mot dei. Kor lenge skal det vara før dei kan verta reine i Israel?

6Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven, og han er ingen gud; han skal verta slegen i knas.

7Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta. Kornet skyt ikkje aks og gjev ikkje mjøl; og gjev det mjøl, ¬et andre det opp.

8No er Israel slukt. Mellom folka ¬er dei lik eit kjerald som ingen bryr seg om.

9Dei fór bort til Assyria lik eit villesel ¬som flakkar ikring. Efraim kjøper seg kjærleik.

10Endå dei kjøpslår med folka, vil eg no driva dei saman. Dei skal vri seg ei lita stund under børa av skatt ¬til storkongen.

11Efraim har laga seg mange altar som har fått dei til å synda.

12Ei mengd med lover ¬har eg skrive for dei, men dei reknar dei ikkje ¬for sine.

13Dei elskar å bera fram ¬slaktoffer, og dei et av kjøtet, men Herren har ikkje hugnad ¬i dei. No vil han koma ¬deira misgjerning i hug og krevja dei til rekneskap ¬for deira synder. Dei skal attende til Egypt.

14Israel gløymde skaparen sin og bygde seg slott; Juda bygde ¬mange festningsbyar. Men eg vil senda eld ¬mot deira byar, han skal øyda deira borger.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.