Galatians 3NO1978NN

1De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest?

2Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?

3Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk?

4Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes.

5Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur?

6Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig.

7Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born.

8Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.

9Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham.

10Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det.

11At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva.

12I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei.

13Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre.

14Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

15Brør, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit lovleg testamente kan ingen gjera om inkje eller gje noko tillegg, endå det er gjort berre av eit menneske.

16Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det galdt mange, men det vert tala om ein, «til di ætt», og det er Kristus.

17Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til sides av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden ikkje skulle gjelda lenger.

18Får vi arven ved lova, vert han ikkje gjeven på grunn av lovnaden. Men det var då ved ein lovnad at Gud i sin nåde gav arven til Abraham.

19Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg og skulle gjera klårt kva lovbrot er, til dess den ætta kom som lovnaden galdt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann.

20Men ein mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.

21Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For var det gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne rettferda vinnast ved lova.

22Men Skrifta har lagt alt under synd, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved si tru kan få det som var lova.

23Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde til dess ho vart openberra, den trua som skulle koma.

24På den måten var lova vaktaren vår fram til Kristus, for at vi skulle seiast rettferdige ved trua.

25Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

26De er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus.

27For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledt dykk Kristus.

28Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle ein i Kristus Jesus.

29Og høyrer de Kristus til, er de Abrahams ætt, arvingar etter lovnaden.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Galatians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.