Galatians 4NO1978NN

1Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen.

2Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett.

3Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda.

4Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova.

5Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår.

6Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»

7Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.

8Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar.

9Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei?

10De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år.

11Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.

12Eg bed dykk, brør: Ver som eg, for eg har vorte som de. De har ikkje gjort meg urett.

13De veit då korleis det gjekk til at eg forkynte evangeliet for dykk fyrste gongen. Det kom av at eg var sjuk.

14Men de lét dykk ikkje freista av dette til å vanvørda eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv.

15Har de gløymt kor glade de var då? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut augo og gjeve meg, om det var mogeleg.

16Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga?

17Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode. Men dei vil skilja dykk ut og gjera dykk til sine tilhengjarar.

18Det er vel og bra at somme legg iver for dagen, og ikkje berre når eg er hjå dykk, men det må alltid vera ein iver for det gode.

19Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk!

20Eg skulle ynskja eg var hjå dykk så eg kunne tala til dykk på ein annan måte, for eg er reint i beit med dykk.

21Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova?

22Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.

23Son til trælkvinna er fødd på vanleg måte, son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad.

24Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til trældom.

25Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er, og det lever i trældom med sine born.

26Men det Jerusalem som er der oppe, er fritt, og det er mor vår. For det står skrive:

27Gled deg, du barnlause, ¬som ikkje fødde. Set i og jubla, ¬du som ikkje hadde rier. For den einslege kvinna ¬har fleire born enn ho som har mann.

28Og de, brør, er born etter lovnaden liksom Isak.

29Men han som var fødd på vanleg måte, forfylgde den gongen han som var fødd i kraft av Anden, og slik er det i dag òg.

30Men kva seier Skrifta? Jag ut trælkvinna og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna.

31Difor, brør, er vi ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Galatians 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.