Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Galatians 2

:
Norwegian - NO1978NN
1 Fjorten år etter drog eg atter opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg.
2 Det var ei openberring som gjorde at eg reiste dit. Og i eit serskilt møte med dei mest framståande la eg fram for dei det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga; for eg ville ikkje at heile arbeidet mitt skulle vera fåfengt.
3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.
4 Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura den fridomen vi har i Kristus Jesus, dei kunne gjera oss til trælar.
5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hjå dykk.
6 Og dei som galdt for å vera noko kor store dei var, kan vera det same for meg, for Gud gjer ikkje skil folk dei kom ikkje med nye krav til meg.
7 Tvert imot skjøna dei at det var overlate til meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, liksom til Peter for dei omskorne.
8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for dei uomskorne.
9 Og Jakob, Kefas og Johannes, dei som vert rekna for sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas si hand til teikn samfunn. Vi skulle til folkeslaga, dei til jødane.
10 Vi skulle berre hugsa dei fattige, og det har eg alltid lagt vinn å gjera.
11 Men Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han.
12 Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne.
13 same måten hykla dei andre jødekristne, jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira.
14 Men eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du tvinga heidningane til å leva som jødar?»
15 Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt.
16 Men vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua Kristus Jesus, trudde vi òg Kristus Jesus, vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud.
17 Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå!
18 Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar.
19 Det er lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus;
20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her jorda, det lever eg i trua Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
21 Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, døydde Kristus til ingen nytte.