Ezekiel 45NO1978NN

1Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de via eit stykke av jorda, tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt, som ei heilag gåve til Herren. Det skal vera heilagt så langt det når på alle kantar.

2Av det skal eit firkanta stykke som er fem hundre alner på kvar side, høyra heilagdomen til. Rundt ikring han skal det vera open mark som strekkjer seg femti alner ut.

3Av heile området skal du mæla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, og der skal heilagdomen stå. Det skal vera ein høgheilag del av landet.

4Det skal tilhøyra prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Der skal dei ha plass for husa sine og beitemark som høyrer heilagdomen til.

5Eit anna jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal tilhøyra levittane, som er tempeltenarar. Der kan dei ha byar til å bu i.

6Til eigedom for byen skal de setja av eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er vigt til heilagdomen. Det skal høyra heile Israels-ætta til.

7På begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, skal fyrsten ha land, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei lutene ættene får, frå grensa i vest til grensa i aust.

8Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Og då skal fyrstane aldri meir vera harde mot folket mitt, men overlata jorda til Israels-folket, ætt for ætt.

9Så seier Herren Gud: No får det vera nok, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing, og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud.

10Bruk rett vekt og rett efa og bat!

11Ein efa og ein bat skal vera like store, så både ein bat og ein efa er tiandeparten av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.

12Ein sekel skal vera tjue gera. Fem sekel skal vera fem sekel, og ti sekel skal vera ti; og femti sekel skal de rekna for ei mine.

13Så skal ho vera den offergåva de gjev: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.

14Den faste avgifta av olje, som vert mælt i bat, skal vera ein tiandedels bat av kvar kor; det er ti bat i ein kor.

15Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå Israels beitemarker. Dei skal vera til offergåver, til brennoffer og måltidsoffer; med dei skal det gjerast soning for folket, seier Herren Gud.

16Alt folket i landet skyldar å gje fyrsten i Israel ei slik offergåve.

17Men fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israel. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og måltidsoffer, så det kan gjerast soning for Israels-ætta.

18Så seier Herren Gud: Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du ta ein lytelaus okse av storfeet og reinsa heilagdomen for synd.

19Presten skal ta noko av blodet frå syndofferet og stryka det på dørstolpane i templet, på dei fire horna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.

20Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Såleis skal du gjera soning for templet.

21Den fjortande dagen i den fyrste månaden skal de halda påskehelg. Då skal de eta usyrt brød i sju dagar.

22Den dagen skal fyrsten ofra ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet.

23Dei sju dagane høgtida varer, skal han bera fram brennoffer for Herren, kvar dag sju lytelause oksar og verar, og som syndoffer ein bukk kvar dag.

24Som grødeoffer skal han bera fram ein efa for kvar okse, ein efa for kvar ver og ein hin olje til kvar efa.

25På høgtida, den femtande dagen i den sjuande månaden, skal han, liksom på dei andre sju dagane, bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 45.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.