Ezekiel 44NO1978NN

1Så førte mannen meg attende til den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd.

2Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd og skal ikkje opnast. Ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten; difor skal han vera stengd.

3Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens åsyn. Han skal gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.

4Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor templet. Og der fekk eg sjå at Herrens herlegdom fylte huset. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.

5Herren sa til meg: Menneske, no må du bruka augo og øyro og leggja merke til alt det eg seier deg om alle føreskriftene og lovene for Herrens hus. Legg nøye merke til inngangen i templet og alle utgangane frå heilagdomen!

6Sei til dei trassige israelittane: Så seier Herren Gud: No får det vera nok med styggedomen dykkar, israelittar!

7De lét framande som var uomskorne både på hjarta og lemer, koma inn i min heilagdom. Såleis vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta med meg og gjorde mange andre stygge ting.

8De sytte ikkje sjølve for tenesta i heilagdomen min, men sette andre til å ta seg av den heilage tenesta i staden for dykk.

9Så seier Herren Gud: Ingen framand som er uomskoren på hjarta og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane.

10Men dei levittane som gjekk bort frå meg saman med israelittane då dei villa seg bort frå meg og fylgde avgudane sine, dei må bøta for si misgjerning.

11Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vakta portane til templet og gjera teneste i huset. Dei skal slakta brennoffer og slaktoffer for folket og tena dei.

12Fordi dei tente israelittane når dei dyrka avgudane sine og vart årsak til at Israel fall i synd, difor lyfter eg handa mot dei, seier Herren Gud. Dei må bøta for si misgjerning.

13Dei får ikkje stiga fram for meg og gjera presteteneste og ikkje koma nær noko av det heilage eller høgheilage i huset mitt. Dei skal bera vanæra for alt det stygge dei har gjort.

14Eg gjer dei til tempeltenarar og set dei til allslags arbeid som må gjerast der.

15Men dei levittprestane av Sadok-ætta som tente meg trufast i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og gjera teneste. Dei skal stå for mitt åsyn og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.

16Dei skal gå inn i min heilagdom; der skal dei stiga fram til mitt bord og tena meg. Såleis skal dei ta seg av gudstenesta.

17Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i templet.

18Linhuer skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje ha på seg noko som gjer at dei sveittar.

19Når dei så går ut til folket i den ytre føregarden, skal dei ta av seg dei kleda dei bruka medan dei gjorde teneste, og la dei liggja i dei heilage roma. Dei skal ta på seg andre klede, så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine.

20Prestane skal ikkje raka hovudet snautt og heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klyppa det.

21Dei må ikkje drikka vin når dei går inn i den indre føregarden.

22Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei kvinne som mannen har skilt seg frå, men berre med møyar av Israels-ætta. Men dei kan ta enkja etter ein prest.

23Prestane skal læra folket mitt å skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, mellom reint og ureint.

24I rettssaker skal dei stå fram som domarar og døma folket etter mine lover. På alle mine høgtider skal dei halda mine lover og bod, og dei skal halda mine kviledagar heilage.

25Prestane må ikkje gå inn til lik, elles vert dei ureine. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine.

26Når presten har vorte rein att, skal han venta i sju dagar.

27Og den dagen han går inn i heilagdomen att, i den indre føregarden, og skal gjera teneste i heilagdomen, då skal han bera fram syndoffer for seg, lyder ordet frå Herren Gud.

28Dette er den arven prestane skal ha: Eg er deira lut og del. De skal ikkje gje dei nokon eigedom i Israel. Eg er deira eigedom.

29Dei kan eta av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra dei til.

30Den beste fyrstegrøda av alt de dyrkar, og alle slag offergåver av alt de gjev, skal prestane ha. Det fyrste av brøddeigen skal de òg gje presten. Då skal det kvila velsigning over husa dykkar.

31Men noko sjølvdaudt eller ihelrive av fugl eller fe må ikkje prestane eta.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 44.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.