Ezekiel 43NO1978NN

1Så førte han meg til porten, den porten som vender mot aust.

2Og sjå, der kom herlegdomen åt Israels Gud frå aust. Lyden av han var som duren av store vassmengder, og jorda lyste av herlegdomen hans.

3Det synet eg såg, likna det synet eg hadde då han kom og ville øydeleggja byen, og det eg hadde attmed Kebar-elva. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.

4Og Herrens herlegdom drog inn i templet gjennom den porten som vender mot aust.

5Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte huset.

6Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg.

7Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde.

8Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide.

9Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10Du menneske, tal til Israels-ætta om templet, kva mål det har og korleis det ser ut, så dei må skjemmast av si synd og skuld.

11Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til planen for templet og innreiinga, utgangane og inngangane der og alle lovene og føreskriftene for det. Skriv dei opp for augo deira, så dei kan ta vare på alle lovene og føreskriftene og leva etter dei.

12Dette er føreskrifta om templet: Heile området ikring det på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er føreskrifta om templet.

13Dette er måla på altaret, mælt med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Fotstykket var ei alen høgt og ei alen breitt, og steinkanten ikring var eitt spann. Dette var underlaget under altaret.

14Frå fotstykket på jorda opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var ei alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var ei alen.

15Offereldstaden var fire alner høg, og derifrå stakk dei fire altarhorna opp.

16Eldstaden var firkanta, tolv alner lang og tolv alner brei.

17Avsatsen òg var firkanta, fjorten alner lang og fjorten alner brei. Steinkanten kringom var ei halv alen, og fotstykket under var ei alen på alle kantar. Troppeoppgangen vende mot aust.

18Mannen sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Desse føreskriftene skal fylgjast den dagen altaret vert laga til; så kan ein bera fram brennoffer og skvetta blod på det.

19Dei levittprestane som er av Sadok-ætta og som stig fram og gjer teneste for meg, skal du gje ein ung okse til syndoffer, seier Herren Gud.

20Du skal ta noko av blodet hans og stryka på dei fire altarhorna, på dei fire hjørna av avsatsen og på steinkanten ikring. Såleis skal du reinsa altaret og gjera soning for det.

21Så skal du ta syndofferoksen, og han skal brennast på den fastsette staden ved templet, utanfor sjølve heilagdomen.

22Dagen etter skal du ofra ein lytelaus bukk som syndoffer. Med den skal dei reinsa altaret for synd så som dei reinsa det med oksen.

23Når du er ferdig med reinsinga, skal du ofra ein lytelaus ungokse av storfeet og ein lytelaus ver av småfeet.

24Du skal leia dei fram for Herren. Prestane skal strøya salt på dei og ofra dei som brennoffer til Herren.

25I sju dagar skal du dagleg ofra ein bukk som syndoffer. Dei skal òg ofra ein ungokse av storfeet og ein ver av småfeet, begge utan lyte.

26I sju dagar skal dei gjera soning for altaret, reinsa det for synd og vigsla det.

27Når desse dagane er til ende, skal prestane den åttande dagen og alltid sidan bera fram på altaret brennoffer og måltidsoffer for dykk. Og då skal eg ha hugnad i dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 43.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.