Ezekiel 42NO1978NN

1Så førte han meg nordover til den ytre føregarden, til roma ut mot den avstengde plassen, på nordsida av bygningen.

2Roma der var til saman hundre alner lange og femti alner breie.

3Ut mot den tjue alner breie delen av den indre føregarden og steingolvet i den ytre føregarden var det avsatsar, den eine etter den andre, i tre høgder.

4Framfor roma var det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Roma hadde inngang mot nord.

5Dei øvste roma var mindre enn dei andre; avsatsane tok bort meir plass frå dei enn frå roma i midten og nedst.

6For dei var bygde i tre høgder, men dei hadde ikkje søyler så som det var i føregarden. Difor var dei øvste roma mindre enn dei mellomste og dei nedste.

7Lenger ut gjekk det ein mur langs framsida av roma, bort imot den ytre føregarden; han var femti alner lang.

8For lengda på dei roma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner. Men dei som vende mot templet, var hundre alner.

9Nedanfor desse roma var det ein inngang frå aust, når ein gjekk inn i dei frå den ytre føregarden,

10der muren mot føregarden tok til. I sør, mot den avstengde plassen og mot bygningen, låg det òg rom,

11og framfor dei var det ein veg. Dei såg ut som roma på nordsida. Dei var like lange og breie som dei og hadde like utgangar og inngangar og var like eins bygde som dei.

12Til dørene i roma på sørsida førte ein inngang. Han var der vegen tek til, den vegen som gjekk langsmed den vernande muren; der kunne ein koma inn frå aust.

13Då sa mannen til meg: «Roma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage roma der prestane, som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; for det er ein heilag stad.

14Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda som dei bar då dei gjorde teneste; for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit der folket er.

15Då han var ferdig med å mæla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og mælte det heile på alle kantar.

16Han mælte austsida med mælestonga si. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

17og mælte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

18og mælte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

19Til sist snudde han seg mot vestsida og mælte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

20Alle fire sidene mælte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 42.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.