Ezekiel 46NO1978NN

1Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagen skal han vera open, og like eins på nymånedagen.

2Då skal fyrsten, når han kjem utanfrå, gå inn gjennom forhalla i porten og stå attmed ein av dørstolpane der, medan prestane ber fram brennoffer og måltidsoffer for han. Han skal bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Men porten skal ikkje stengjast før om kvelden.

3Folket i landet skal bøya seg og tilbe Herren ved inngangen til porten, både på sabbatsdagane og nymånedagane.

4Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lytelause lam og ein lytelaus ver.

5Og som grødeoffer skal han saman med veren gje ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

6På nymånedagen skal han ofra ein lytelaus okse av storfeet, seks lam og ein ver som er utan lyte.

7Som grødeoffer skal han saman med oksen gje ein efa, saman med veren ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

8Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.

9Men når folket i landet stig fram og tilbed Herren på høgtidene, skal dei som kjem inn gjennom nordporten, gå ut gjennom porten i sør, og dei som kjem inn gjennom sørporten, skal gå ut gjennom porten i nord. Dei skal ikkje gå ut att gjennom same porten som dei kom inn gjennom, men gå ut på den andre sida.

10Fyrsten skal koma inn saman med dei andre og gå ut saman med dei.

11På festane og høgtidene skal han gje som grødeoffer ein efa saman med oksen, ein efa med veren og det han har for handa saman med lamma, og ein hin olje til kvar efa.

12Når fyrsten vil bera fram eit friviljug offer for Herren, anten det er brennoffer eller måltidsoffer, skal dei opna for han den porten som vender mot aust. Han skal bera fram brennofferet eller måltidsofferet sitt som han gjer det på sabbatsdagen. Så skal han gå ut, og porten skal stengjast etter han.

13Kvar dag skal du ofra eit årsgamalt, lytelaust lam som brennoffer til Herren. Kvar morgon skal du ofra det.

14Attåt det skal du kvar morgon bera fram ein sjettedels efa som grødeoffer og ein tredjedels hin olje til å væta mjølet med. Grødeofferet til Herren er ei fast ordning som alltid skal stå ved lag.

15Lammet, grødeofferet og oljen skal berast fram kvar morgon; det skal vera eit fast brennoffer.

16Så seier Herren Gud: Når fyrsten gjev ein av sønene sine ei gåve av det han har arva, skal ho høyra sønene hans til. Dei får henne til odel og eige.

17Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av arvegodset, skal ho vera hans til frigjevingsåret; då skal fyrsten få henne att. Berre sønene kan halda fast på arven sin for alltid.

18Fyrsten må ikkje ta odelsjord frå folket, så han driv dei bort frå eigedomen deira. Av det han sjølv eig, skal han gje sønene arv. Folket mitt skal ikkje drivast bort frå eigedomen sin.

19Så førte han meg gjennom inngangen attmed porten, til dei roma i heilagdomen som er for prestane, og som ligg på nordsida. Og sjå, der var det eit rom lengst mot vest.

20Han sa til meg: «Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet og baka brød av grødeofferet. Dei skal ikkje bera det ut i den ytre føregarden, for då kunne dei gjera folket heilagt.»

21Sidan tok han meg med til den ytre føregarden og førte meg ikring til dei fire hjørna av føregarden. Og i kvart hjørne såg eg ein mindre gard.

22I alle fire hjørna var det slike små gardar, og alle fire var like store. Dei var førti alner lange og tretti alner breie.

23Det var ein steinmur rundt kvar av dei, og rundt ikring nedmed foten av murane var det bygt eldstader.

24Han sa til meg: «Dette er dei stadene der tempeltenarane kokar slaktoffera for folket.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 46.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.