Ezekiel 39NO1978NN

1Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal.

2Eg fører deg ikring og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og leier deg mot Israels-fjella.

3Der slår eg bogen ut or venstre handa di og lèt pilene detta ut or den høgre.

4På Israels-fjella skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slag rovfuglar og for dyra på marka.

5På open mark skal du falla. For eg har tala, seier Herren Gud.

6Eg sender eld mot Magog og mot dei som bur trygt på øyane. Dei skal få sanna at eg er Herren.

7Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn verta vanæra. Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, den heilage i Israel.

8Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Det er den dagen eg har tala om.

9Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut, gjera opp eld og brenna rustningar og små og store skjold, bogar og piler, stokkar og spyd. Med det skal dei halda elden ved lag i sju år.

10Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane; for dei nører elden med rustningane. Dei skal røva frå dei som rana dei og plyndra dei som plyndra dei, lyder ordet frå Herren Gud.

11Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet. Han skal stengja vegen for dei som fer framom. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast «Gog-flokkens dal».

12I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan verta reinsa.

13Alt folket i landet skal vera med på dette, og dei skal få ære av det den dagen eg viser mi guddomsmakt, lyder ordet frå Herren Gud.

14Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter.

15Når dei fer gjennom landet og får auga på eit menneskebein, skal dei setja opp ein merkestein der. Så kan gravarane koma og gravleggja det i «Gog-flokkens dal».

16Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet.

17Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane og alt som har venger, og til alle villdyra på marka: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort offer på Israels-fjella. De skal få eta kjøt og drikka blod,

18eta kjøtet av krigarar og drikka blodet av fyrstane på jorda. Dei er som verar og lam, bukkar og oksar; som gjøfe frå Basan er dei alle.

19Et feitt til de vert mette, og drikk blod til de vert drukne, av slaktofferet som eg slaktar for dykk.

20Ved mitt bord skal de verta mette av hestar og andre ridedyr, av krigarar og alle slag stridsmenn, lyder ordet frå Herren Gud.

21Eg vil visa mi guddomsmakt mellom folkeslaga. Alle folk skal sjå den straffedomen eg fullfører, kjenna mi hand som eg har lagt på dei.

22Då skal israelittane sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og i all framtid.

23Og folka skal skjøna at israelittane vart bortførte fordi dei hadde synda. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd.

24På grunn av deira ureinskap og deira brot gjorde eg dette med dei; og eg løynde andletet for dei.

25Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels-ætta. Eg brenn av iver for mitt heilage namn.

26Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg, når dei bur trygt i landet sitt og ingen skræmer dei.

27Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, då vil eg midt imellom dei, for augo på mange folkeslag, visa kor heilag eg er.

28Og dei skal sanna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei bort til andre folk, men samlar dei i deira eige land og lèt ikkje ein einaste av dei vera att der ute.

29Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei; for eg har rent ut min Ande over Israels-ætta, lyder ordet frå Herren Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 39.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.