Ezekiel 38NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han

3og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal.

4Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd.

5Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm.

6Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg.

7Bu deg og gjer deg klar, du og alle dine skarar som er samla hjå deg. Du skal vakta dei.

8Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.

9Dit opp skal du fara. Du skal koma som eit uver og dekkja landet som ei sky, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.

10Så seier Herren Gud: Den dagen skal tankar koma opp i deg; du skal leggja vonde planar

11og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar.

12Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.»

13Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle dei mektige der skal seia til deg: «Kjem du no og vil rana og røva? Har du samla alt ditt mannskap for å ta hærfang, for å føra bort sølv og gull, ta fe og gods og få med deg eit veldig bytte?»

14Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: På den tid, når Israel, folket mitt, bur trygt, vil du ikkje då ta ut

15og koma frå landet ditt lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær?

16Du dreg opp mot Israel, folket mitt, lik ei sky som ligg over landet. Det skal henda i dei siste dagar, då fører eg deg mot landet mitt, så folkeslaga skal læra meg å kjenna, når eg på deg, Gog, midt framfor augo deira, viser kor heilag eg er.

17Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? Dei tala den gongen om at eg skulle føra deg mot Israel.

18Men når den tid kjem, når Gog går mot Israels-landet, då skal harmen stiga opp i meg, lyder ordet frå Herren Gud.

19I min brennande iver og glødande harme seier eg: Den dagen skal det koma eit sterkt jordskjelv over Israels-landet.

20Då skal alle skjelva for meg: fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på bakken, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, bergveggene skal rasa ned og alle murane jamnast med jorda.

21Då kallar eg sverd imot han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre.

22Eg straffar han med pest og blodsutrenning. Eg sender høljande regn og haglsteinar og lèt det regna eld og svovel over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han.

23Såleis viser eg mitt velde og mi guddomsmakt og gjev meg til kjenne for augo på mange folkeslag. Då skal dei sanna at eg er Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 38.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.