Ezekiel 40NO1978NN

1I det tjuefemte året etter at vi vart bortførte – det var det fjortande året etter at byen vart teken – ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, då kom Herrens hand over meg og førte meg bort

2i syner frå Gud. Han tok meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det i sør liksom ein bygning i ein by.

3Dit førte han meg. Sjå, der var det ein mann som var lik bronse å sjå til. Han stod i porten og hadde ei linsnor og ei mælestong i handa.

4Mannen sa til meg: Menneske, bruk augo og øyro og legg merke til alt det eg lèt deg sjå. Du er ført hit, så eg kan få syna deg det. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels-ætta.

5Utanfor templet var det ein mur på alle kantar. Mannen hadde ei mælestong i handa; ho var seks alner lang, når kvar alen er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han mælte byggverket, som var ei mælestong tjukt og ei mælestong høgt.

6Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp troppestega i porten og mælte dørstokken der; han var ei mælestong brei. Det var den fyrste dørstokken.

7Kvart siderom var ei mælestong langt og ei mælestong breitt, og mellom roma var det fem alner. Dørstokken til forhalla inst i porten var ei mælestong.

8Han mælte sjølve forhalla i porten;

9ho var åtte alner, og søylene der var to alner. Forhalla i porten vende inn mot templet.

10Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Pilarane på begge sider var òg like store.

11Mannen mælte breidda på portopninga: ti alner, og breidda på sjølve porten: tretten alner.

12Framfor sideroma var det eit rekkverk; kvart gitter mælte ei alen. Og sjølve sideroma var seks alner på kvar kant.

13Så mælte han porten frå takkanten i det eine sideromet til takkanten i det andre; han var tjuefem alner brei. Opningane inn til sideroma låg midt for kvarandre. –

14Han mælte forhalla; ho var tjue alner. Og rundt ikring forhalla var føregarden. –

15Frå inngangen ytst i porten til framsida av forhalla inst i porten var det femti alner.

16Inne i porten, i alle sideroma, var det vindaugo med gitter, som nådde bort til veggpilarane mellom dei. Like eins var det vindaugo på begge sider i forhalla. På pilarane var det palmer.

17Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, det var fleire rom og eit steinlagt golv rundt ikring i føregarden; og på golvet var det tretti rom.

18Steingolvet låg attmed portane og nådde like langt ut som dei. Det er det nedste steingolvet.

19Han mælte føregarden mellom framsida av den nedre porten og framsida av den indre porten, den som vender utover, og det var hundre alner. Det var austporten, og så kjem nordporten.

20Han mælte lengda og breidda på den porten som vende mot nord i den ytre føregarden.

21Sideroma, tre på kvar side, og pilarane og forhalla hadde dei same mål som i den fyrste porten. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.

22Vindaugo, forhalla og palmene der var like store som i porten mot aust. På sju troppesteg kom ein dit opp; og forhalla låg innanfor.

23I den indre føregarden var det ein port midt for nordporten, som det var i aust òg. Frå port til port mælte han hundre alner.

24Så førte mannen meg mot sør. Og sjå, der var det ein port som vende sørover. Han mælte pilarane og forhalla der òg; dei hadde same mål som dei andre.

25Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider, og dei var som dei andre vindaugo. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.

26Sju troppesteg førte opp til porten, og forhalla låg innanfor. På pilarane var det palmer, ei på kvar side.

27I den indre føregarden var det ein port mot sør òg. Mannen mælte avstanden frå port til port, hundre alner.

28Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i sør. Han mælte sørporten, og han var like stor som dei andre.

29Sideroma, pilarane og forhalla der hadde same mål som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei. –

30Rundt ikring var det forhaller, tjuefem alner lange og fem alner breie. –

31Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer; og åtte troppesteg førte dit opp.

32Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i aust. Han mælte porten, og han hadde same mål som dei andre.

33Sideroma, pilarane og forhalla der var like store som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.

34Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer, ei på kvar side; og åtte troppesteg førte dit opp.

35Så førte han meg til porten i nord. Han mælte porten, og han var like stor som dei andre.

36Like eins hadde sideroma, pilarane og forhalla dei same mål, og det var vindaugo på begge sider. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei.

37Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer, ei på kvar side; og åtte troppesteg førte dit opp.

38Frå forhalla i porten var det inngang til eit rom der dei kunne skylja brennofferet.

39Og i forhalla stod det to bord på kvar side. På dei skulle dei slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet.

40Utanfor sideveggen, nær oppgangen til nordporten, stod det òg to bord. Og på den andre sida av forhalla stod det to bord.

41Til saman var det fire bord ved kvar sidevegg i porten, i alt åtte bord. Der skulle dei slakta offerdyr.

42Dei fire borda til brennofferet var av tilhoggen stein; dei var halvanna alen lange, halvanna alen breie og ei alen høge. På dei la dei reiskapen dei bruka når dei slakta brennofferet og slaktofferet.

43Rundt ikring i bygningen var det fest hyller, som mælte ei handsbreidd. På borda la dei det kjøtet som skulle ofrast.

44Utanfor den indre porten, i den indre føregarden, var det to rom. Det eine låg attmed sideveggen i nordporten, som vender mot sør, det andre attmed den sideveggen i austporten som vender mot nord.

45No tala mannen til meg og sa: «Dette romet, som vender mot sør, er for dei prestane som gjer teneste i templet.

46Og det romet som vender mot nord, er for dei prestane som gjer teneste ved altaret. Det er Sadok-sønene, dei av Levi-ætlingane som kan stiga fram for Herren og tena han.»

47Mannen mælte føregarden; han var firkanta, hundre alner lang og hundre alner brei. Framfor templet stod altaret.

48Så førte han meg til forhalla i templet og mælte pilarane der; dei var fem alner på kvar side. Portopninga var fjorten alner brei, og veggene på begge sider var tre alner.

49Forhalla var tjue alner lang og tolv alner brei. Ti troppesteg førte dit opp. Attmed veggpilarane stod det søyler, ei på kvar side.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 40.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.