Ezekiel 35NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, vend deg mot Se’ir-fjellet og tal profetord mot det!

3Sei til det: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, ¬Se’ir-fjell; eg retter ut handa mot deg og gjer deg audt og øyde.

4Byane dine legg eg i røys, og sjølv skal du verta ei audn. Då skal du sanna ¬at eg er Herren.

5Fordi du bar ¬på eldgamal fiendskap, gav du Israels søner til sverdet den tid ulukka kom over dei, og dei fekk si endelege straff.

6Difor, så sant eg lever, lèt eg deg blø, ¬seier Herren Gud, og blod skal forfylgja deg. Du rende ut blod og førte over deg skuld, difor skal blodet ¬sanneleg forfylgja deg.

7Eg gjer Se’ir-fjellet audt ¬og øyde og rydjar ut dei ¬som ferdast der.

8Eg fyller fjella der med drepne. På alle haugar, ¬i dalar og bekkefar fell menn som vert drepne ¬med sverd.

9Eg gjer deg til ei evig audn, byane dine ¬skal liggja folketome. Då skal de sanna ¬at eg er Herren.

10Fordi du sa: «Dei to folka og dei to landa skal verta mine; vi tek dei jamvel om Herren er der,»

11difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, eg vil gjera med deg som du har fortent etter den vreide og iver du viste i ditt hat mot dei. Eg vil gjera meg kjend hjå deg når eg dømer deg.

12Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Dei ligg aude; vi har fått dei til livberging.»

13De tala i hovmod og bruka mange ord imot meg. Eg har nok høyrt det.

14Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei audn.

15Fordi du gledde deg då Israels arveland vart lagt i øyde, lèt eg det same henda med deg. Se’ir-fjellet og heile Edom skal verta ei audn. Då skal dei sanna at eg er Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.