Ezekiel 34NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, tal profetord mot Israels hyrdingar! Tal profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Ve Israels hyrdingar, som berre syter for seg sjølve! Er det ikkje saueflokken dei skal syta for?

3Mjølka brukar de til mat, ulla tek de til klede, og gjøfeet slaktar de; men sauene gjæter de ikkje.

4De har ikkje styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke og ikkje bunde om dei skadde. Dei som er drivne frå kvarandre, har de ikkje samla, dei bortkomne har de ikkje leita opp, og dei sterke har de kua med vald og makt.

5Så vart sauene mine spreidde, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding; dei vart til føde for alle slag villdyr.

6Då flokken min vart spreidd, villa han seg bort på alle fjell og høge haugar. Ut over heile landet vart sauene spreidde, og det er ingen som spør eller leitar etter dei.

7Difor, hyrdingar, høyr Herrens ord!

8Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sauene mine er sanneleg røva og har vorte til føde for alle slag villdyr, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding. Hyrdingane mine spurde ikkje etter sauene. Dei sytte for seg sjølve og gjætte ikkje sauene mine.

9Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!

10Så seier Herren Gud: Eg kjem over hyrdingane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg set dei av som hyrdingar. Dei skal ikkje lenger syta for seg sjølve. Eg vil berga sauene ut or gapet deira; dei skal ikkje ha dei til føde.

11Så seier Herren Gud: Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ha tilsyn med dei.

12Liksom ein gjætar er mellom sauene og tek seg av dei den dagen dei vert spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til den mørke og skytunge dagen då dei vart spreidde.

13Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land. Så skal eg gjæta dei på Israels-fjella, i dalane og kvar dei elles bur i landet.

14På gode beitemarker vil eg gjæta dei; på Israels høge fjell skal dei ha sin hamnegang. Der oppe på Israels fjell skal dei roa seg på grøne vollar og gå på feite beite.

15Sjølv vil eg gjæta sauene mine og la dei få roa seg, seier Herren Gud.

16Dei bortkomne vil eg leita opp, og dei som er drivne frå kvarandre, vil eg samla. Dei skadde vil eg binda om, og dei sjuke vil eg styrkja. Dei feite og sterke vil eg vakta og gjæta på rett vis.

17De som høyrer flokken min til, seier Herren Gud, no vil eg skifta rett mellom sauene og mellom verar og bukkar.

18Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned det som står att i beitemarka dykkar? Og er det ikkje nok at de får drikka det klåre vatnet, om de ikkje skal grumsa til resten med føtene?

19Skal sauene mine eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til?

20Difor seier Herren Gud: Sjå, eg vil skifta rett mellom dei feite og dei magre sauene.

21Sidan de trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna, til de får spreitt dei og drive dei ut,

22så vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje meir verta til rov. Såleis vil eg skifta rett mellom dei.

23Eg vil setja éin hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei. Han skal gjæta dei og vera hyrdingen deira.

24Eg, Herren, vil vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala.

25Så gjer eg ei fredspakt med dei. Eg rydjar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i øydemarka og sova i skogane.

26Eg lèt både dei og landet ikring min haug, verta velsigna. Eg sender regn i rett tid, regn som vert til velsigning.

27Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i landet. Dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og bergar dei frå folk som held dei i trældom.

28Dei skal ikkje lenger verta eit bytte for folka, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skræma dei.

29Då steller eg til ein hage som vert til berging for dei. No skal ingen i landet rivast bort av svolt, og dei skal aldri meir måtta tola spott frå dei andre folka.

30Då skal dei sanna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israel, seier Herren Gud.

31De, sauene mine, flokken som eg gjæter, de er berre menneske, men eg er dykkar Gud, lyder ordet frå Herren Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 34.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.