1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Menneske, det var to kvinner, døtrer til ei og same mor.
3Dei levde utuktig i sin ungdom; dei dreiv hor i Egypt. Der tok dei på brysta deira og klemde deira jomfrubarm.
4Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine og fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.
5Ohola dreiv hor og var utru mot meg. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, som kom til henne,
6statthaldarar og styresmenn, kledde i fiolett purpur, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest.
7Ho gav seg til dei og dreiv hor; dei var alle mellom Assurs gjævaste menn. Såleis gjorde ho seg urein med alle dei som ho lengta så etter, og med alle avgudane deira.
8Ho gav ikkje opp det utuktige livet ho hadde ført heilt frå ho var i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, klemde hennar jomfrubarm og auste sin elskhug ut over henne.
9Difor gav eg henne over til elskarane hennar, assyrarane, som ho lengta så etter.
10Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk uord på seg mellom kvinner. Såleis fullførte dei domen over henne.
11Det såg Oholiba, syster hennar. Likevel vart ho endå verre enn systera i sine lyster og sitt utuktige liv.
12Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og styresmenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman.
13Eg såg at ho òg vart urein; begge gjekk dei same vegen.
14Men endå lenger dreiv ho si utukt. Ho fekk sjå nokre menn som var teikna på veggen, bilete av kaldearar, rita inn med raudt.
15Dei hadde belte om hoftene og hue som hang ned over hovudet. Alle såg ut som stridsmenn på vogner. Såleis var biletet av babylonarane, dei som har Kaldea til heimland.
16Då ho såg mennene, fekk ho lyst på dei og sende bod til Kaldea etter dei.
17Babylonarane kom til henne på elskhugslega og gjorde henne urein med si utukt. Men då ho såleis hadde vorte urein, vart ho inderleg lei av dei.
18Sidan ho dreiv si utukt så openbert og kledde seg naken, vart eg lei av henne, liksom eg før hadde vorte lei av syster hennar.
19Men endå lenger dreiv ho si utukt; for ho kom i hug sin ungdoms dagar, då ho dreiv hor i Egypt.
20No lengta ho etter horkarane der; dei hadde lem som esel og sæd som hestar.
21Du tenkte med lengsle på din ungdoms skamlause ferd, då egyptarane klemde barmen din og tok på dei unge brysta dine.
22Difor, Oholiba, seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du vart så inderleg lei av; eg lèt dei koma mot deg frå alle kantar:
23babylonarane, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge menn, statthaldarar og styresmenn alle saman, stridsmenn på vogner og høgvørde menn, alle til hest.
24Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Store skjold, små skjold og hjelmar retter dei mot deg frå alle kantar. Eg set dei til domarar, og dei skal døma deg etter sine lover.
25Eg lèt deg få kjenna min brennande vreide, og dei går laus på deg i harme. Nasen og øyro skjer dei av deg, og det som då er att av deg, skal falla for sverd. Sønene og døtrene dine tek dei, og det som enno er att av deg, skal elden øyda.
26Dei riv av deg kleda og tek dine smykke.
27Såleis gjer eg ende på di skamlause ferd og på det utuktige livet som du tok til med i Egypt. Du skal ikkje sjå etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.
28For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg i hendene på dei du hatar, dei som du vart så inderleg lei av.
29Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du vann med ditt strev. Dei lèt deg liggja naken og berr, så din utuktige kropp vert synleg. Det er ditt skamlause horeliv
30som har fått slike fylgjer for deg; for du var trulaus og sprang etter andre folk og gjorde deg urein med avgudane deira.
31Du gjekk på same vegen som syster di; difor lèt eg deg drikka den same skåla som ho.
32Så seier Herren Gud: Skåla åt syster di skal du tøma, ho er både djup og vid. Då vert du til lått og spott; skåla rømer mykje.
33Du vert drukken og full av sorg; skåla åt Samaria, syster di, er ei uhyggjeleg skål ¬som øydelegg.
34Du må drikka henne ut ¬til siste dropen, tyggja på skålbrota og riva brysta dine sund. Eg har tala, lyder ordet frå Herren Gud.
35Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du få lida for di skamlause utukt.
36Herren sa til meg: Menneske, vil du døma Ohola og Oholiba? Då skal du la dei få vita om all sin styggedom.
37Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei dreiv hor med avgudane sine, og dei borna som dei hadde født åt meg, gav dei til føde for dei.
38Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga kviledagane mine.
39Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i min heilagdom og vanhelga han. Sjå, så bar dei seg åt i mitt hus!
40Ja, dei sende til og med bod etter menn som skulle koma langt bortanfrå. Og då det vart sendt bod etter dei, kom dei som du hadde lauga og sminka og pynta deg for.
41Du sat på ei briken lege. Eit bord stod duka framføre, og der hadde du sett fram den røykjelse og olje som eg skulle ha.
42Der inne høyrdest lyden av ei sorglaus mengd. Og til den store mengda av menn kom drikkebrør som vart henta frå øydemarka. Dei gav systrene armband på hendene og eit staseleg diadem på hovudet.
43Då sa eg om den utlevde skjøkja: «No driv dei sanneleg hor med henne att, ja med henne!»
44Dei gjekk inn til henne; som ein går til ei utuktig kvinne, så gjekk dei til Ohola og Oholiba, dei skamlause kvinnene.
45Men rettferdige menn skal døma dei, som ein dømer kvinner som bryt ekteskapet og tek liv. For horkvinner er dei, og det er blod på hendene deira.
46Så seier Herren Gud: Eg fører fram ein folkeskare mot dei og gjev dei over til mishandling og ran.
47Folkeskaren skal steina dei og hogga dei ned med sverd. Sønene og døtrene deira skal dei drepa, og husa skal dei brenna.
48Eg gjer ende på den skamlause utukta i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det og ikkje lenger driva hor som de.
49De må sjølve ta ansvaret for den skamlause åtferda dykkar og bera straffa for den syndige avgudsdyrkinga. Då skal de sanna at eg er Herren Gud.