Ezekiel 22NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Du menneske, vil du døma byen som har blodskuld? Då skal du la han få vita om all hans styggedom.

3Du skal seia: Så seier Herren Gud: Å, for ein by! Du lèt blodet renna i gatene, så di tid må koma, og lagar deg ufysne gudebilete, så du vert urein.

4Med blodet du lét renna, har du ført skuld over deg, og med gudebileta du laga, har du gjort deg urein. Du har laga det så at dagane dine nærmar seg, at tida kjem då åra dine tek slutt. Difor gjer eg deg til spott og spe for folkeslag, ja for folk i alle land.

5Både langt borte og nær ved skal folk spotta deg, du som har skjemt ut namnet ditt og er full av rådløyse.

6Sjå, Israels leiarar som er i deg, by, brukar alle si makt til å renna ut blod.

7Folket ditt vanvørder far og mor; dei gjer vald mot innflyttarane og er harde med farlause og enkjer.

8Heilagdomane mine vanvørder du, og kviledagane mine vanhelgar du.

9Det er folk i deg som baktalar andre og vil ta livet av dei. Dei et offerkjøt på haugane dine og gjer andre skamlause ting.

10Dei ligg med kona åt far sin og krenkjer kvinner som har si månadstid.

11Éin gjer skamlause ting med kona åt nesten sin, ein annan skjemmer sonekona si, og den tredje krenkjer syster si, som er dotter til hans eigen far.

12Somme tek imot pengar for å drepa menneske. Du tek renter og driv åger. Du gjer urett og vald mot nesten din. Men du gløymer meg, lyder ordet frå Herren Gud.

13No slår eg hendene saman fordi du har skaffa deg urett vinning, og fordi du har rent ut blod.

14Kan du halda motet oppe og ha styrke i hendene den dagen eg grip inn mot deg? Eg, Herren, har tala, og eg skal setja det i verk.

15Eg spreier deg mellom folkeslaga og strøyer deg ut i landa. Og eg friar deg heilt for ureinskapen din.

16Beint for augo på folkeslag vert du vanæra for det du har gjort. Då skal du sanna at eg er Herren.

17Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

18Menneske, for meg har israelittane vorte som slagg. Alle er dei som kopar, tinn, jern og bly i ein smelteomn. Som slagg mellom sølv har dei vorte.

19Difor seier Herren Gud: Fordi de alle har vorte som slagg, vil eg samla dykk i Jerusalem.

20Som ein samlar sølv, kopar, jern, bly og tinn i ein smelteomn og så kveikjer opp eld og smeltar det, så vil eg i min vreide og harme samla dykk, leggja dykk i omnen og smelta dykk.

21Når eg samlar dykk og lèt min vreideeld loga mot dykk, skal de smelta i den.

22Som sølvet smeltar i omnen, så skal de òg smeltast. Då skal de sanna at eg, Herren, har late min vreide gå ut over dykk.

23Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

24Menneske, sei til Juda: Du er eit land som ikkje vart reinsa og ikkje fekk regn på vreidedagen.

25Leiarane dine likna brølande løver som reiv sund det dei hadde fanga. Dei slukte menneske, tok rikdom og dyre skattar og gjorde mange i landet til enkjer.

26Prestane der gjorde vald på mi lov og vanhelga mine heilagdomar. Dei gjorde ikkje skil på det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, og lærte ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lét att augo for kviledagane mine. Såleis vart eg vanhelga midt imellom dei.

27Stormennene i landet likna ulvar som riv sund sitt bytte. Dei lét blodet renna og tok menneskeliv for urett vinning skuld.

28Profetane strauk kalk på veggene for dei. Dei hadde falske syner og spådde lygn, når dei sa: «Så seier Herren Gud», endå Herren ikkje hadde tala.

29Folket i landet gjorde vald og røva og rana. Dei var harde med armingar og fattigfolk, og i strid med lov og rett trælka dei innflyttarane.

30Eg leita mellom dei etter ein mann som kunne tena meg med å byggja opp muren og stella seg i rivnene til forsvar av landet, så det ikkje skulle verta øydelagt. Men eg fann ingen.

31Så lét eg min vreide gå ut over dei, gjorde ende på dei i min brennande harme. Eg lét dei få att for sine gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.