Ezekiel 21NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, vend deg mot Jerusalem, forkynn mot heilagdomen, og tal profetord mot Israels-landet!

3Sei til Israels-landet: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og rydjar ut både rettferdige og gudlause hjå deg.

4Fordi eg vil rydja ut både rettferdige og gudlause hjå deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot kvar skapning, frå sør til nord.

5Alle som lever, skal sanna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma dit att.

6Men du, menneske, skal stynja, medan det knakar i hoftene. Det skal gjera så vondt at du styn beint framfor augo på dei.

7Og når dei spør deg kvifor du styn, skal du svara: Fordi det kjem melding om noko som skal henda. Då vert kvart hjarta forskræmt, og alle hender vert slappe. Motet sviktar dei alle, og knea vert som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! lyder ordet frå Herren Gud.

8Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

9Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren: Eit sverd, ¬ja, eit sverd er kvesst og slipt,

10kvesst for å brukast til slakting, slipt for å blinka som lyn. – Eller skal vi gleda oss? Ætta til son min ¬vanvørder riset. –

11Sverdet vart gjeve til sliparen, for at han skulle ta det i handa. Så vart det kvesst og slipt for å gjevast til den ¬som skulle drepa.

12Skrik og hyl, du menneske! For sverdet skal råka mitt folk og alle Israels hovdingar. Dei er overlatne til sverdet saman med mitt folk. Difor skal du slå deg på hofta.

13For prøvinga kjem. Og kven skal ho råka om ikkje dei ¬som vanvørder riset? lyder ordet frå Herren Gud.

14Du menneske, tal profetord og slå i hop hendene! Både to og tre gonger ¬skal sverdet svingast. Det er eit sverd ¬som drep mange, eit veldig sverd ¬som gjev banesår; det trugar dei på alle kantar.

15Dei skal missa motet, og mange skal falla; ved alle portane deira set eg sverdet som høgg ned. Å ve, det er laga for å lyna, kvesst blankt for å slakta.

16Ver kvast og hogg til høgre og til venstre, dit egga di er vend.

17Då skal eg òg ¬slå hendene saman og stilla min harme. Eg, Herren, har tala.

18Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

19Du menneske, merk av to vegar som babylonarkongens sverd kan fylgja. Begge vegane skal gå ut frå eitt og same landet. Og der vegen tek av til ein by, skal du setja opp ein vegvisar

20der vegane tek til, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til fast by.

21Attmed vegskilet, der dei to vegane byrjar, står babylonarkongen og tek varsel. Han kastar lodd med piler, spør husgudane til råds og ser på levra av offerdyr.

22I høgre handa får han loddet «Jerusalem». Der skal han reisa stormbukkar, opna munnen og la krigsropet ljoma, eit sterkt krigsrop. Han skal reisa stormbukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.

23Folk synest dette er ein falsk spådom. For dei har fått heilage lovnader. Men Herren minner dei om deira skuld, som gjer at dei kjem i fangenskap.

24Difor seier Herren Gud: De minner sjølve om dykkar skuld, når dykkar brot vert openberre, så synda viser seg i alt de gjer. Fordi dette har vorte kjent om dykk, skal de takast til fange.

25Og du, gudlause ugjerningsmann, Israels fyrste, tida er komen då du skal få di endelege straff.

26Så seier Herren Gud: Bort med turbanen, av med krona! Det skal ikkje lenger vera som det var. Gjer det låge høgt og det høge lågt!

27Eg legg alt i ruinar, berre ruinar. Det er ute med landet til dess han kjem, han som har retten til det. Han vil eg overlata det til.

28Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og spottorda deira: Eit sverd er drege for å slakta, eit sverd som er slipt ¬for å tyna og lyna.

29Medan du får falske syner og spådomar som er lygn, skal sverdet rettast mot halsen på gudlause menn ¬som må døy. No er deira time komen, den tid då dei får ¬si endelege straff.

30Stikk sverdet i slira att! På staden der du vart til, i landet som du er ætta frå, der vil eg døma deg.

31Eg lèt min harme ¬gå ut over deg og blæs min vreideeld ¬mot deg. Eg gjev deg over ¬til harde menneske, som er meistrar ¬til å øydeleggja.

32Du skal verta til føde for elden, ditt blod skal renna ¬midt i landet, og ingen skal minnast ¬deg meir. Eg, Herren, har tala.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.