Ezekiel 24NO1978NN

1Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i den tiande månaden, og det lydde så:

2Menneske, skriv opp for deg sjølv namnet på denne dagen. For nett i dag har babylonarkongen gått til åtak på Jerusalem.

3Fortel ei likning til dette trassige folket og sei til dei: Så seier Herren Gud: Set gryta over! Set henne over og slå vatn oppi!

4Legg kjøtstykke nedi, berre gode stykke av lår ¬og bog; fyll gryta med utvalde knokar!

5Ta av dei finaste sauene! Gjer så opp eld under gryta! Du skal koka kjøtstykka ¬i henne, jamvel knokane skal du koka.

6Så seier Herren Gud: Ve den blodige byen, gryta som har rusta, og som rustet ikkje går av. Ta stykke for stykke ¬ut or henne, utan at nokon kastar lodd ¬om dei.

7For det vart utrent blod ¬der i byen. Dei lét det renna ¬på nakne berget og slo det ikkje ut på bakken, så molda kunne dekkja det.

8For å gje harmen fritt løp, for å kunna ta hemn lét eg blodet renna ¬på nakne berget, så det ikkje skulle dekkjast til.

9Difor seier Herren Gud: Ve den blodige byen! Eg òg gjer bålet stort.

10Ta mykje ved og kveik opp eld! Kok kjøtet møyrt, ¬og slå suppa ut, så beina vert brende.

11Lat gryta stå tom på glørne, lat henne verta så varm ¬at koparen gløder. Så skal ureinskapen ¬smeltast ut or henne og rustet verta borte.

12Det har kosta strev og møde. Men elden tek ikkje bort ¬alt rustet.

13Fordi du vart urein ¬ved di skjemdarferd, og ikkje vart kvitt ¬din ureinskap endå eg ville reinsa deg, så skal du ikkje verta rein att før eg får stilt min harme ¬på deg.

14Eg, Herren, har tala, ¬og det skal henda; eg lèt ikkje vera å gjera det. Eg sparer ingen ¬og angrar ikkje. Etter di ferd og dine gjerningar skal dei døma deg, seier Herren Gud.

15Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

16Menneske, sjå, med ein brå død tek eg frå deg den som dine augo har hugnad i. Men du skal ikkje klaga og gråta og ikkje fella tårer.

17Du skal berre sukka i stilla og ikkje halda syrgjehøgtid. Bind turbanen på deg og ta skor på føtene! Dekk ikkje til skjegget, og et ikkje syrgjebrød!

18Om morgonen tala eg til folket, og om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var føresagd.

19Då sa folket til meg: «Vil du ikkje seia oss kvifor du gjer dette?»

20Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

21Sei til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, det stolte vernet som de ser med glede, og som de lengtar etter. Sønene og døtrene dykkar, som de lét vera att, skal falla for sverd.

22Då skal de gjera som eg har gjort: De skal ikkje dekkja til skjegget og ikkje eta syrgjebrød.

23Bind turbanen om hovudet og ta skor på føtene! De må ikkje klaga og gråta. Men de skal visna bort i dykkar synder og stynja med kvarandre.

24Esekiel skal vera eit teikn for dykk. Nett som han har gjort, skal de gjera. Når dette hender, skal de sanna at eg er Herren Gud.

25Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det dei ser med glede, og det dei lengtar etter, sønene og døtrene deira,

26den dagen skal dei som slepp unna, koma til deg og fortelja om det.

27Den dagen, når flyktningane kjem, skal munnen din latast opp. Du skal ikkje lenger vera mållaus, men tala. Du skal vera eit teikn for dei, og dei skal sanna at eg er Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.