Ezekiel 19NO1978NN

1Du skal setja i med ein klagesong over leiarane i Israel

2og seia: Kva var mor di? Ei løvinne mellom løver; mellom ungløver låg ho ¬og fostra sine ungar.

3Ein av ungane alte ho opp, og han vart ei retteleg ungløve. Han lærte å gå på rov, han åt opp menneske.

4Folkeslag fekk høyra om han, og han vart fanga ¬i deira fallgrav. Dei sette naseringar på han og førte han til Egypt.

5Då løvinna såg ¬at ho venta til fåfengs, at all hennar von var ute, då tok ho ein annan ¬av ungane sine og gjorde han til ei ungløve.

6Han gjekk der ¬mellom løvinnene, og det vart ei ungløve av han. Han lærte å gå på rov, han åt opp menneske.

7Han skadde borgene og la byane i øyde. Landet og alt som fanst der, stivna av redsle ¬når dei høyrde han brøla.

8Folk frå landa rundt ikring sette då ut sine garn. Dei strekte dei ut over han og fanga han i si fallgrav.

9Dei sette han i bur, hadde naseringar på han og førte han ¬til kongen i Babylon. Der sette dei han ¬i ei sterk festning, så ingen skulle høyra ¬brøla hans meir over Israels-fjella.

10Mor di var eit vintre i hagen, planta attmed vatn. Treet bar frukt ¬og fekk mange greiner, fordi det hadde ¬rikeleg med væte.

11Greinene vart så sterke at dei kunne brukast ¬til styrarstavar. Høgt voks det opp mot skyene, lett synleg fordi det var så høgt og hadde så mange greiner.

12Men treet vart rive opp ¬– i harme – og kasta til jorda. Austavinden turka ut frukta; jamvel dei sterke greinene vart rivne av og visna, og elden gjorde ende på dei.

13No er det planta i øydemarka, i det turre, tyrstande landet.

14Eld gjekk ut frå ei grein ¬på treet og øydde kvistene og frukta. Det har ikkje meir ¬noka sterk grein som kan vera styrarstav. Dette skulle vera ein klagesong; og ein klagesong har det vorte.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.