Ezekiel 18NO1978NN

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Korleis kan de bruka dette ordtaket i Israel: Fedrane åt sure druer, og borna fekk ringe tenner.

3Så sant eg lever, seier Herren Gud: De får ikkje bruka dette ordtaket meir i Israel.

4Eg rår for alt liv, både for far og son. Den som syndar, han skal døy.

5Om ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd,

6då et han ikkje offerkjøt på haugane og lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar. Han krenkjer ikkje kona åt nesten sin og kjem ikkje nær ei kvinne når ho er urein.

7Han er ikkje hard med nokon, men lèt skuldmannen få pantet sitt att. Han ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede.

8Han låner ikkje ut for renter og driv ikkje åger. Han held si hand frå urett, og dømer rett når mann ligg i strid med mann.

9Han fylgjer mine føreskrifter og tek trufast vare på mine lover. Den som gjer det, er rettferdig, og han skal få leva, lyder ordet frå Herren Gud.

10Men så kan det henda at den rettferdige får ein son som vert ein røvar og drapsmann og gjer ei av desse syndene

11som faren aldri har gjort. Han et jamvel offerkjøt på haugane og krenkjer kona åt nesten sin.

12Han er hard med dei arme og fattige, ranar og røvar og gjev ikkje pantet att. Han lyfter augo til avgudane og fer med annan styggedom.

13Han låner ut for renter og driv åger – og så skulle han få leva! Nei, han skal ikkje få leva. Når han gjer alt dette stygge, skal han sanneleg døy. Han er sjølv skuld i sin død.

14Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og lèt seg skræma av det, så han ikkje gjer det same.

15Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar, og krenkjer ikkje kona åt nesten sin.

16Han er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede.

17Han legg ikkje hand på ein stakkar og tek ikkje renter og driv ikkje åger, men lever etter mine lover og fylgjer mine føreskrifter. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal sanneleg leva.

18Men far hans, som gjorde valdsverk, som rana og røva frå nesten sin og gjorde det som vondt er midt imellom landsmennene sine, han må døy for si synd og skuld.

19De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda åt faren?» Jau, sonen har gjort rett og rettferd; han har halde mine føreskrifter og levt etter dei. Difor skal han få leva.

20Den som syndar, han skal døy. Men ein son skal ikkje bera skulda åt faren, og ein far skal ikkje bera skulda åt sonen. Den som gjer rett, skal få att for si rettferd, og den som gjer vondt, skal råkast av sin vondskap.

21Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva.

22Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett.

23Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva.

24Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags styggedom som dei gudlause gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningar han har gjort, skal vera gløymde. Han skal døy fordi han var trulaus og synda.

25No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels ætt! Går eg ikkje fram på rett vis? Det er de som ikkje gjer rett.

26Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For den uretten han har gjort, skal han døy.

27Men når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet.

28Han såg alle syndene han hadde gjort, og vende om frå dei. Difor skal han ikkje døy, men leva.

29Atter vil israelittane seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Går eg ikkje fram på rett vis, israelittar? Det er de som ikkje gjer rett.

30Difor vil eg døma dykk, Israels ætt, så kvar og ein får att etter det han har gjort, lyder ordet frå Herren Gud. Vend om, vend om frå alle dykkar brot, så inga skuld skal fella dykk.

31Hald opp med alle dei brot som de gjer dykk skuldige i, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar?

32Eg vil ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de leva!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.