1Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det.
2Det skal vera ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det.
3Kled det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og lag ein gullkant på det heilt ikring.
4På begge sider skal du setja to gullringar nedanfor kanten. Du skal setja dei på kvar side. Dei skal vera til å smøya stenger inn i, så altaret kan berast.
5Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.
6Altaret skal du setja framfor forhenget som løyner lovkista, framfor soningsstaden som ligg over lova, der eg vil møtast med deg.
7Og Aron skal brenna velluktande røykjelse på det. Kvar morgon når han steller lampene, skal han brenna røykjelsen.
8Det same skal han gjera om kvelden, når han set opp lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for Herrens åsyn hjå dykk og etterkomarane dykkar.
9De skal ikkje ofra uvigsla røykjelse på altaret, og ikkje brennoffer eller grødeoffer; heller ikkje skal de hella ut drikkoffer på det.
10Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i ætt etter ætt. Det er høgheilagt for Herren.
11Herren sa til Moses:
12Når du held manntal over israelittane, skal alle som vert talde, gje Herren løysepengar for livet sitt, så det ikkje kjem ulukke over dei fordi dei vert talde.
13Kvar den som kjem med i manntalet, skal gje ein halv sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. Denne halve sekelen er ei gåve til Herren.
14Alle som kjem med i manntalet, så mange som er tjue år eller meir, skal gje ei gåve til Herren.
15Den rike skal ikkje gje meir og den fattige ikkje mindre enn ein halv sekel når de gjev gåva åt Herren til løysepengar for livet dykkar.
16Du skal ta imot løysepengane av israelittane og bruka dei til tenesta i møteteltet. Det skal minna Herren om israelittane og vera ein løysepeng for livet dykkar.
17Herren sa til Moses:
18Du skal laga eit vaskekar av bronse med fotstykke av bronse. Det skal du setja mellom møteteltet og altaret og ha vatn i det.
19Der skal Aron og sønene hans vaska hendene og føtene.
20Når dei går inn i møteteltet, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje skal døy, og like eins når dei stig fram til altaret og skal gjera teneste og brenna eldoffer for Herren.
21Dei skal vaska hender og føter; elles må dei døy. Det skal vera ei evig lov for dei, for Aron og etterkomarane hans, i ætt etter ætt.
22Herren sa til Moses:
23Ta krydder av beste slaget: 500 sekel fin myrra, halvparten så mykje eller 250 sekel velluktande kanel, 250 sekel kalmus
24og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje.
25Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.
26Med den skal du salva møteteltet, paktkista,
27bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,
28brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på.
29Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag.
30Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg.
31Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt.
32Han må ikkje koma på kroppen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan salve som er såleis blanda. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.
33Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, skal rydjast ut or folket sitt.
34Herren sa til Moses: Ta det du treng til røykjelse: balsam, myrraolje, harpiks som luktar sterkt, og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.
35Av det skal du laga ein krydda røykjelse, så som salveblandarane gjer det, salta og rein, til heilag bruk.
36Noko av det skal du knusa smått og leggja framfor lova i møteteltet, der eg vil møtast med deg. Høgheilagt skal det vera for dykk.
37Røykjelse som er såleis blanda som denne, må de ikkje laga til dykk sjølve; vigsla til Herren skal han vera.
38Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.