1Herren sa til Moses:
2Eg har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta
3og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk,
4så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv og bronse,
5slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag handverksarbeid.
6Til hjelpesmann har eg gjeve han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta. Og alle som har slike givnader, har eg gjeve evne, så dei kan laga alt det eg har sagt deg:
7møteteltet, paktkista, soningsstaden over henne og alt som høyrer teltet til,
8bordet med det som høyrer til, gull-ljosestaken med alt som høyrer til, røykjelsesaltaret,
9brennofferaltaret med alt som høyrer til, vaskekaret med fotstykke,
10embetsskrudet og den heilage kledebunaden åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta,
11salvingsoljen og den velluktande røykjelsen til heilagdomen. Dei skal i eitt og alt gjera som eg har sagt deg.
12Herren sa til Moses:
13Sei til israelittane: Sabbatsdagane mine skal de halda; for sabbaten er eit teikn på pakta mellom meg og dykk frå ætt til ætt, så de skal vita at det er eg, Herren, som helgar dykk.
14De skal halda sabbaten; han skal vera heilag for dykk. Den som vanhelgar sabbaten, skal døy. Kvar den som då gjer noko arbeid, han skal rydjast ut or folket sitt.
15Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal vera sabbat, heilag sabbat for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på sabbatsdagen, skal døy.
16Israelittane skal akta på sabbaten, så dei held han i ætt etter ætt. Det skal vera ei evig pakt.
17Han skal vera eit teikn på pakta mellom meg og israelittane til evig tid. For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda, men den sjuande dagen kvilte han og heldt seg i ro.
18Då Herren var ferdig med å tala til Moses på Sinai-fjellet, gav han honom to lovtavler, steintavler som Gud hadde skrive på med fingeren sin.