Exodus 29NO1978NN

1Såleis skal du gjera når du vier dei til presteteneste for meg: Du skal ta ein ung okse og to lytelause verar,

2og så usyrt brød, usyrte kaker med olje i, og usyrte brødleivar, smurde med olje. Alt dette skal du laga av kveitemjøl.

3Du skal leggja det i ei korg, og så skal du bera det fram i korga og leia fram oksen og dei to verane.

4Aron og sønene hans skal du kalla bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn.

5Du skal ta kledebunaden og kle Aron med kjortelen, kappa, efoden og brystduken, binda om han beltet på efoden,

6setja hua på hovudet hans og festa det heilage diademet på hua.

7Og du skal ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han.

8Så skal du føra fram sønene hans og ha på dei kjortlane,

9spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve. Når du set inn Aron og sønene hans,

10skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen.

11Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra.

12Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten.

13Alt feittet på innvolen og leverlappen, og begge nyrene med talga som er på dei, skal du brenna på altaret.

14Men kjøtet av oksen og skinnet og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.

15Så skal du ta den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.

16Du skal slakta han og ta blodet og skvetta det rundt ikring på altaret.

17Sjølve veren skal du lema sund. Innvolen og føtene skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet.

18Du skal brenna heile veren på altaret. Det er eit brennoffer for Herren. Eit eldoffer til godange for Herren er det.

19Så skal du ta den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.

20Du skal slakta han og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa. Resten av blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.

21Og du skal ta noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og kleda hans, og like eins på sønene hans og kleda deira. Då vert han heilag, han sjølv og kleda hans, og like eins sønene hans og kleda deira.

22Så skal du ta det feitaste av veren, halen, feittet på innvolen, leverlappen, begge nyrene med talga som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsver.

23Or korga med usyrt brød som står for Herrens åsyn, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og ein brødleiv.

24Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det for Herrens åsyn.

25Du skal ta det or hendene deira og brenna det på altaret saman med brennofferet til godange for Herren. Det er eit eldoffer for Herren.

26Så skal du ta brystet av vigslingsveren åt Aron og svinga det for Herrens åsyn. Det skal vera din del.

27Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift av vigslingsveren åt Aron og sønene hans, skal du lysa heilagt.

28Den retten skal Aron og sønene hans ha hjå israelittane til evig tid. For det er ei gåve, ei gåve som israelittane skal gje av måltidsoffera sine, ei gåve frå dei til Herren.

29Den heilage kledebunaden åt Aron skal sønene hans arva. Den skal dei ha på seg når dei vert salva og innsette.

30Den av sønene hans som vert prest etter han, og som skal gå inn i møteteltet og gjera teneste i heilagdomen, skal bera denne bunaden i sju dagar.

31Du skal ta vigslingsveren og koka kjøtet på ein heilag stad.

32Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av veren og brødet i korga innmed møteteltdøra.

33Dei skal eta dette soningsofferet, som vert frambore for dei når dei vert innsette til prestar og vigde. Ingen annan må eta av det; for det er heilagt.

34Og vert noko av det vigsla kjøtet og av brødet liggjande til morgons, skal du brenna det. Det må ikkje etast, for det er heilagt.

35Såleis skal du gjera med Aron og sønene hans, heilt og fullt som eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara.

36Kvar dag skal du ofra ein okse til syndoffer og soning. Du skal reinsa altaret for synd når du gjer soning for det, og du skal salva det, så det vert heilagt.

37Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det. Då skal altaret vera høgheilagt. Kvar den som kjem nær det, vert heilag.

38Dette skal du alltid ofra på altaret: to årsgamle lam kvar dag.

39Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.

40Saman med det fyrste lammet skal du ofra ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven, og til drikkoffer ein fjerdedels hin vin.

41Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad. Med same slag grødeoffer og drikkoffer som om morgonen skal du ofra det, eit eldoffer til godange for Herren.

42Det er det daglege brennofferet som etterkomarane dykkar skal bera fram for Herrens åsyn innmed møteteltdøra, der eg vil møtast med dykk og tala til deg.

43Der vil eg møta israelittane, og teltet skal helgast av herlegdomen min.

44Både møteteltet og altaret vil eg helga; og Aron og sønene hans vil eg vigsla, så dei kan vera prestar for meg.

45Eg vil bu midt imellom israelittane og vera deira Gud.

46Dei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut or Egypt og vil bu mellom dei. Eg er Herren deira Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.