1Herren tala til Moses og Aron medan dei var i Egypt, og sa:
2Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar. De skal halda han for den fyrste månaden i året.
3Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd!
4Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette.
5Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje.
6De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd.
7Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det.
8Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt.
9De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat.
10Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna.
11Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren.
12For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren.
13Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt.
14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt.
15Sju dagar skal de eta usyrt brød. Alt den fyrste dagen skal de få surdeigen ut or husa dykkar. Kvar den som et syrt brød mellom den fyrste og den sjuande dagen, skal rydjast ut or Israel.
16Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagane må de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til.
17De skal halda usyrdebrødshelga; for då førte eg hærane dykkar ut or Egypt. Difor skal de høgtida denne dagen i ætt etter ætt. Det skal vera ei evig lov.
18Frå kvelden den fjortande dagen i den fyrste månaden til kvelden den tjuefyrste dagen i same månaden skal de eta usyrt brød.
19I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et syrt brød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er innflyttar eller fødd og fostra i landet.
20De må ikkje smaka noko som er syrt. I alle heimar skal de eta usyrt brød.
21Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og henta småfe til huslydane dykkar og slakta påskelammet!
22Så skal de ta ein isopkvast, duppa han i blodet som er i skåla, og stryka noko av blodet på dørbjelken og dørstolpane. Og ingen av dykk må gå ut gjennom husdøra si før om morgonen.
23For Herren vil fara gjennom landet og slå egyptarane med ulukke. Og når han ser blodet på dørbjelken og dørstolpane, skal han fara framom døra og ikkje la tynaren sleppa inn i husa dykkar og drepa.
24Dette skal de halda dykk etter. Det skal vera ei lov for deg og etterkomarane dine til evig tid.
25Når de så kjem inn i det landet Herren etter sin lovnad vil gje dykk, skal de halda denne høgtidsskikken ved lag.
26Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk,
27skal de svara: Det er påskeoffer til Herren, fordi han fór framom husa åt israelittane i Egypt, då han slo egyptarane med ulukke, men sparte heimane våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad.
28Og israelittane gjekk av og gjorde dette. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei.
29Så hende det midt på natta at Herren slo i hel alt fyrstefødt i Egypt, frå eldste son åt farao, som sat på kongsstolen, til eldste son åt fangen i fengslet, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen.
30Då fór farao opp om natta, han og alle mennene hans og alle egyptarane. Og det lydde eit fælt skrik i Egypt; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i.
31Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gjer dykk ferdige og far ut or riket mitt, både de og israelittane! Gå av og hald den gudstenesta som de har tala om!
32Ta med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og far bort! Bed så om velsigning for meg òg!»
33Egyptarane skunda på folket og ville få dei ut or landet i ei bråhast. «Elles døyr vi alle saman,» sa dei.
34Då tok folket deigen sin, som endå ikkje var syrt, sveipte bakstetroga inn i kappene sine og bar dei på akslene.
35Og israelittane gjorde som Moses hadde sagt. Dei bad egyptarane om sølv og gull og klede.
36Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket og gav dei det dei bad om. På den måten tok dei hærfang av egyptarane.
37Så tok israelittane ut frå Ramses og fór til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born.
38Ein stor hop med allslags folk fylgde, og ei svær drift med småfe og storfe.
39Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei kaker. Han var ikkje syrt, etter som dei vart jaga ut or Egypt og ikkje torde drya der lenger. Difor hadde dei heller ikkje laga seg niste.
40Israelittane hadde då butt i Egypt i 430 år.
41Då dei 430 åra var på dagen lidne, tok alle Herrens hærar ut frå Egypt.
42Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut or Egypt. Difor skal alle israelittar vaka for Herren den natta, i ætt etter ætt.
43Herren sa til Moses og Aron: «Dette er føresegna om påskelammet: Ingen utlending må eta av det.
44Kvar træl som er kjøpt for pengar, skal du fyrst omskjera; då kan han eta av det.
45Ingen framand eller leigekar må eta av det.
46Lammet skal etast i eitt hus. Du må ikkje ta noko av kjøtet ut or huset, og de skal ikkje bryta bein i det.
47Så skal heile Israels-lyden gjera.
48Men når ein innflyttar som bur hjå deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hjå han omskjerast. Då kan han få vera med og halda høgtid. Han er jamgod med dei som er fødde og fostra i landet. Ingen som ikkje er omskoren, skal eta av det.
49Ei og same lov skal gjelda både for dei som er fødde i landet, og for innflyttarane som bur hjå dykk.»
50Såleis gjorde alle israelittane. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei.
51Den same dagen førte Herren israelittane ut or Egypt, flokk etter flokk.