Exodus 13NO1978NN

1Herren sa til Moses:

2«Alt fyrstefødt skal du helga åt meg. Alt som kjem fyrst frå mors liv i Israel, anten det er folk eller fe, høyrer meg til.»

3Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de slapp ut or Egypt, or trælehuset! For med sterk hand leidde Herren dykk ut. Då skal de ikkje eta noko med surdeig i.

4I dag tek de ut, i abib månad.

5Når så Herren fører deg inn i landet åt kanaanearane, hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, det som han lova fedrane dine å gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudsteneste på dette viset i denne månaden.

6I sju dagar skal du eta usyrt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.

7Alle dei sju dagane skal du eta usyrt brød. Det må ikkje finnast noko som er syrt hjå deg, og ingen surdeig så langt landemerka dine når.

8Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt.

9Det skal vera eit merke for deg på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på lippene dine. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egypt.

10Så skal du kvart år og til fastsett tid gjera det denne lova krev.»

11Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det,

12då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til.

13Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa.

14Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset.

15Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg.

16Det skal vera eit merke på handa di og ein minnesetel på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt.»

17Då farao hadde gjeve folket lov til å fara, førte Gud dei ikkje den vegen som går til Filistarlandet, endå det var den næraste. For han tenkte dei kunne koma til å angra seg når dei møtte ufred, og fara attende til Egypt.

18Men han laga det så at dei gjorde ein omveg og gjekk gjennom øydemarka mot Sevsjøen. Så fór israelittane stridsbudde ut or Egypt.

19Og Moses tok beina av Josef med seg. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud gjestar dykk, skal de føra beina mine med dykk herifrå.»

20Så tok dei ut frå Sukkot og slo leir i Etam, tett attmed øydemarka.

21Herren gjekk føre dei, om dagen i ein skystolpe som synte dei vegen, og om natta i ein eldstolpe som lyste for dei. På den måten kunne dei fara både dag og natt.

22Skystolpen kvarv ikkje frå folket om dagen, og eldstolpen ikkje om natta.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.