Exodus 11NO1978NN

1Herren sa til Moses: «Endå ei plage vil eg føra over farao og Egypt; så skal han la dykk fara. Ja, ikkje berre det, men han skal driva dykk ut herifrå.

2Sei til folket at kvar mann skal be grannen sin og kvar kvinne grannekona si om prydnadsting av sølv og gull!»

3Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket. Men så vart òg Moses halden for ein ovstor mann i Egypt, både av mennene åt farao og av folket.

4Moses sa: «Så seier Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara gjennom Egypt.

5Då skal det døy, alt som fyrstefødt er i Egypt, frå den eldste sonen åt farao som sit på kongsstolen sin, til den eldste sonen åt trælkvinna som står bak kverna, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen.

6Og i heile Egyptarlandet skal det lyda eit skrik så fælt at det ikkje har vore maken til det før og heller ikkje skal verta det sidan.

7Men ikkje ein hund skal gøy mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Såleis skal de skjøna at Herren gjer skil på egyptarane og israelittane.

8Då skal alle mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og så skal eg fara.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.

9Herren sa til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk. Så går det for at eg kan få gjort mange under i Egypt.»

10Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han lét ikkje israelittane fara frå landet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.