Esther 8NO1978NN

1Same dagen gav kong Xerxes dronning Ester det huset som Haman, fienden åt jødane, hadde ått. Og Mordekai fekk koma fram for kongen; for Ester hadde fortalt kva han hadde vore for henne.

2Kongen drog av seg seglringen som han hadde teke att frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset hans Haman.

3Sidan tala Ester endå ein gong med kongen. Ho kasta seg gråtande ned for føtene hans og naudbad han at han måtte gjera om inkje den vonde planen som Haman av Agag-ætta hadde lagt mot jødane.

4Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reiste ho seg, steig fram for kongen

5og sa: «Er det etter din hug, konge, og har du godvilje for meg, tykkjer du det er rett, konge, og er eg gjæv for deg, så send brev og avlys det skrivet som Haman Hammedatason av Agag-ætta sette opp då han hadde lagt plan om å rydja ut jødane i alle dei provinsane kongen rår over.

6For korleis kunne eg tola sjå på den ulukka som elles ville råka folket mitt? Korleis kunne eg tola sjå at ætta mi går under?»

7Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «De veit at eg har gjeve Ester huset hans Haman, og sjølv har han vorte hengd i galgen fordi han ville leggja hand på jødane.

8Set no de opp eit skriv om jødane i namnet åt kongen, så som de finn det best, og forsegla det med seglringen åt kongen! For eit skriv som er utferda i namnet åt kongen og forsegla med seglringen hans, kan ikkje avlysast.»

9Med ein gong vart skrivarane åt kongen kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, sivan månad. Dei skreiv så som Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og styresmennene i provinsane frå India til Nubia, 127 provinsar i alt. Brevet vart sendt til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Jødane òg fekk dette brevet i si eiga skrift og på sitt eige tungemål.

10Mordekai skreiv i namnet åt kong Xerxes og forsegla brevet med seglringen åt kongen. Så sende han det av stad med menn som reid på dei beste tråvarane frå kongens eigne stallar.

11I brevet stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å slå seg saman og verja livet sitt. Dei kunne øyda og drepa og tyna kvar væpna flokk som tok på dei. Og dei kunne drepa småborn og kvinner og rana eigedomane deira. Dette skulle gjelda i alle folk og provinsar.

12Og alt skulle henda på ein og same dagen i alle provinsane åt kong Xerxes, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er adar månad.

13Ei avskrift av brevet skulle sendast til kvar provins og kongsbodet kunngjerast for alle folk, så jødane kunne vera budde når dagen kom, og hemna seg på fiendane sine.

14Med det same dette bodet var utferda i Susa-borga, tok bodberarane som reid på dei kongelege tråvarane, av stad i strykande tan, så som kongen hadde sagt.

15Mordekai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klednad av fiolett purpur og kvitt lin. Han bar eit stort diadem av gull og ei kappe av lin og purpur. Og Susa-byen jubla og gledde seg.

16Hjå jødane var det no ljos og glede, fryd og herlegdom.

17I kvar provins og kvar by, så langt som kongsbodet nådde, vart det glede og fryd hjå jødane med gjestebod og høgtid. Og mellom dei andre folka i landet var det mange som gav seg i lag med dei; for det hadde kome over dei ei redsle for jødane.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Esther 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.