Esther 9NO1978NN

1Så kom den trettande dagen i den tolvte månaden – det er adar månad – den dagen då ordet og bodet åt kongen skulle setjast i verk. Fiendane åt jødane hadde vona at dei skulle få makt over dei; men no hadde det snutt seg, så det var jødane som fekk makt over fiendane.

2Jødane samla seg i byane sine i alle dei provinsane kong Xerxes rådde over, og ville leggja hand på alle som ville dei vondt. Det var ingen som kunne stå seg mot dei; for alle folka var gripne av redsle for jødane.

3Alle styresmennene i provinsane, satrapane, statthaldarane og embetsmennene åt kongen hjelpte jødane, for dei var redde Mordekai.

4For han hadde no mykje å seia i kongsgarden. Og i alle provinsane gjekk det gjetord om at Mordekai fekk meir og meir makt.

5Med sverd i hand gjekk jødane til strid mot uvenene sine. Dei drap og tynte og gjorde som dei ville med fiendane sine.

6I Susa-borga drap og tynte jødane fem hundre mann.

7Dei drap òg Parsjandata, Dalfon, Aspata,

8Porata, Adalja, Aridata,

9Parmasjta, Arisai, Aridai og Vaisata,

10dei ti sønene til Haman Hammedatason, fienden åt jødane. Men eigedomane deira rørte dei ikkje.

11Same dagen fekk kongen vita talet på dei som var drepne i Susa-borga.

12Då sa han til dronning Ester: «I Susa-borga har jødane drepe og tynt fem hundre mann og dei ti sønene til Haman. Kva har dei så ikkje gjort i dei andre provinsane mine? Er det endå noko du vil be om, skal det gjevast deg, og er det meir du ynskjer, skal du få det.»

13Ester svara: «Om kongen så synest, så lat jødane i Susa i morgon òg få lov til å gjera som i dag, og lat dei ti sønene til Haman verta hengde i galgen!»

14Kongen baud at så skulle gjerast, og det vart utferda eit påbod om det i Susa. Og dei ti sønene til Haman vart hengde.

15Jødane i Susa samla seg òg den fjortande dagen i adar månad og drap tre hundre mann i byen. Men eigedomane deira rørte dei ikkje.

16Dei andre jødane i dei provinsane kongen rådde over, slo seg òg saman og ville verja livet sitt og få fred for uvenene sine. Dei drap syttifem tusen av fiendane sine, men rørte ikkje eigedomane deira.

17Det var den trettande dagen i adar månad at dette hende. Den fjortande dagen kvilte dei seg, og dei gjorde den dagen til ein fest- og glededag.

18Men jødane i Susa slo seg saman både den trettande og den fjortande dagen. ‘Dei‘ kvilte den femtande dagen og gjorde ‘den‘ til ein fest- og glededag.

19Såleis har det seg at jødane utover landet, dei som bur i landsbyar, høgtidar den fjortande dagen i adar månad. Då held dei gledefest og høgtid og sender kvarandre gåver av gjestebodskosten.

20Mordekai skreiv opp det som hadde hendt. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane åt kong Xerxes, både til dei som var nær, og til dei som var langt borte.

21Han baud at dei kvart år skulle høgtida den fjortande og femtande dagen i adar månad.

22For det var på dei dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden suta deira vende seg til glede og sorga til høgtid. Difor skulle dei gjera dei dagane til fest- og glededagar og senda gåver av gjestebodskosten til kvarandre og til dei fattige.

23Jødane gjorde det til ein fast skikk, det som dei alt hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om.

24For Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt alle jødar, hadde planlagt å rydja ut jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å drepa og øyda dei.

25Men då dette kom kongen for øyra, baud han i eit brev at den vonde planen som Haman hadde tenkt ut mot jødane, skulle koma over hans eige hovud; så vart både han og sønene hans hengde i galgen.

26Difor vert desse dagane kalla «purim» etter ordet «pur». I samsvar med alt det som stod i brevet, og i samsvar med det dei hadde sett og røynt,

27gjorde jødane det til ein fast skikk for seg sjølve og etterkomarane sine og for alle som gjekk over til deira tru, at dei kvart år skulle høgtida desse to dagane så som føreskrive var, og til fastsett tid.

28Desse dagane skulle komast i hug og høgtidast gjennom alle tider og i alle ætter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort hjå jødane og aldri gå or minne hjå etterkomarane deira.

29Dronning Ester, dotter til Abihajil, og jøden Mordekai skreiv atter eit myndig brev, fordi dei ville få lovfest det som stod i det andre brevet om purim.

30Og Mordekai sende brev til alle jødane i dei 127 provinsane i riket åt Xerxes med ynske om trygge og gode kår.

31Dei skulle gjera det til ei plikt å høgtida desse purim-dagane til fastsett tid, så som jøden Mordekai og dronning Ester hadde sagt, og så som dei sjølve hadde skipa det for seg og etterkomarane sine, med føresegner om faste og klagerop på dei dagane.

32Så vart då desse føresegnene om purim-festen lovfeste etter påbod frå Ester, og det vart oppskrive i ei bok.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Esther 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.