Ecclesiastes 8NO1978NN

1Kven er som vismannen, kven veit å tyda ei sak? Visdomen får mannens andlet ¬til å lysa, så det strenge draget mildnast.

2Gjer som kongen byd, for Gud har gjeve han sin eid.

3Ver ikkje snar ¬til å gå bort frå han, og ver ikkje med ¬på ei ring sak! For kongen gjer alt ¬det han vil;

4det står makt bak hans ord. Kven torer seia til han: ¬«Kva gjer du?»

5Den som held bodet, vil ikkje vita av noko vondt. Den vise kjenner i sitt hjarta både tida og domen.

6For alle ting har si tid ¬og sin dom. Det vonde menneska har gjort, kviler tungt på dei.

7Ingen veit kva som skal henda. Kven kan seia ¬korleis det vil gå?

8Ingen har makt over vinden, så han kan halda han att. Og ingen rår for sin dødsdag. I krig slepp ingen fri, og vondskap ¬bergar ikkje den gudlause.

9Alt dette har eg sett. Eg har lagt merke til alt ¬som hender under sola, i ei tid då menneske ¬har makt over andre, så dei kan gjera dei skade.

10Elles har eg sett at vonde menn vart lagde i grav ¬og gjekk til kvile, medan dei ¬som hadde gjort rett, laut fara bort ¬frå den heilage staden og vart gløymde i byen. Det òg er fåfengd.

11Om domen over vond gjerning ikkje straks vert sett i verk, får menneska mot ¬til å gjera det vonde.

12Hundre gonger ¬kan eit menneske synda og endå få leva lenge. Likevel veit eg at det går godt for dei som ottast Gud, dei som har age for han.

13Men den gudlause ¬går det ikkje vel; hans liv vert kort, ¬det er som ein skugge, fordi han ikkje ottast Gud.

14Det er noko meiningslaust som hender på jorda: Somme rettferdige ¬må bera den straff som dei gudlause fortener, og somme gudlause får den løn som dei rettferdige skulle ha. Eg seier: Det òg er fåfengd.

15Eg har lovprist gleda, for det finst inga anna lukke for menneska her under sola enn å eta og drikka ¬og vera glade. Det fylgjer dei i strevet den tid Gud lèt dei leva ¬under sola.

16Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna og sjå på det strev og slit som menneska har på jorda; for korkje dag eller natt får dei blund på augo.

17Då såg eg at menneska ikkje kan skjøna ¬heile Guds verk, alt det som hender under sola. Kor mykje dei strevar ¬og granskar, finn dei ikkje ut av det. Om den vise seier han veit det, skjønar han det likevel ikkje.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.