Ecclesiastes 7NO1978NN

1Godt namn er betre ¬enn god salve, dødsdagen betre enn ¬fødedagen.

2Betre enn å gå i gjestebod er det å gå til syrgjehus. For der endar alle menneske, det skal dei leggja seg ¬på hjarta, dei som lever.

3Sorg er betre enn lått; for om andletet er sorgfullt, kan hjarta vera fylt av glede.

4Dei vise har hjarta sitt ¬i syrgjehuset, men hjarta åt dårar ¬er i gledehuset.

5Det er betre å høyra skjenn ¬av ein vismann enn å lyda på song av dårar.

6Som klungerris sprakar ¬under gryta, så er det når dåren ler. Det òg er fåfengd.

7Den vise som fer hardt fram, gjer seg sjølv til narr; den som lèt seg kjøpa, øydelegg seg sjølv.

8Betre er enden på ein ting ¬enn opphavet. Tolmod er betre enn hovmod.

9Ver ikkje for snar ¬til å harmast, for harmen ¬bur i barmen på dårar.

10Du skal ikkje seia: ¬Kva kjem det av at alt var betre ¬i gamle dagar enn no? Du spør ikkje så om du er klok.

11Visdom er jamgod med arv, ei vinning for dei ¬som ser dagsens ljos.

12Å vera i skuggen av visdomen er som å ha pengar til vern, og føremonen med kunnskap er at visdom ¬held sin mann i live.

13Sjå på det som Gud har gjort! Kven kan beinka ¬det han har krøkt?

14Ver glad når dagen er god; men er han vond, ¬skal du koma i hug at det er Gud som har skapt både den eine og den andre, så menneska ikkje skal finna ut noko om det som kjem etter.

15Alt dette har eg sett i mine fåfengde dagar. Mang ein rettferdig mann går til grunne i si rettferd, og mang ein gudlaus får leva lenge i sin vondskap.

16Ver ikkje altfor rettferdig, og vis deg ikkje for klok! Kvifor vil du øydeleggja deg?

17Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre! Kvifor vil du døy før tida?

18Det er godt ¬at du held fast på det eine og heller ikkje slepper ¬det andre. Den som har age for Gud, finn ein utveg or dette.

19Visdom gjer vismannen ¬sterkare enn ti mektige menn i byen.

20Det finst ikkje eit rettferdig ¬menneske på jord, som berre gjer godt ¬og aldri syndar.

21Bry deg heller ikkje om alt det folk seier, elles kunne du få høyra at trælen din forbannar deg.

22Du veit då med deg sjølv ¬at mang ein gong har du òg forbanna andre.

23Alt dette har eg prøvt ¬med visdom. Eg sa: «Eg vil vinna visdom,» men han var langt borte ¬frå meg.

24Det som har hendt, ¬er langt borte og djupt, djupt nede. Kven kan finna det?

25Eg la vinn på ¬å få meg kunnskap, å granska og leita ¬etter visdom og samanheng; eg ville skjøna ¬at gudløyse er dårskap, og at dårskap er galskap.

26Då fann eg ¬at beiskare enn døden er kvinna som spenner ¬sitt garn. Hennar hjarta er som ei snare og hendene som lekkjer. Den Gud synest om, ¬slepp ifrå henne, men den som syndar, ¬går i garnet.

27Sjå, dette fann eg, ¬seier Forkynnaren, då eg la det eine ¬til det andre og ville finna ein samanheng.

28Eg leita støtt, ¬men fann han ikkje. Eitt menneske fann eg ¬mellom tusen, men ikkje ei kvinne ¬mellom dei alle.

29Sjå, dette er det einaste ¬eg har funne: Gud skapte menneska ¬som dei skulle vera, men dei finn på ¬så mangt og mykje.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.