Ecclesiastes 6NO1978NN

1Ei ulukke har eg sett ¬under sola, ho kviler tungt på menneska:

2Det hender ¬at Gud gjev ein mann både rikdom og gods og ære, så han ikkje vantar noko av alt det han ynskjer seg. Men Gud lèt han ikkje nyta ¬godt av det, ein framand et det opp. Det er meiningslaust, ¬beiskt og vondt.

3Ein mann kan få hundre born og leva i mange år. Men har han ikkje glede ¬av alt det gode, kor lenge han lever, og får han heller ikkje ¬ei grav, då vil eg seia: «Eit ufullbore foster ¬er betre fare enn han.»

4For det kjem livlaust ¬til verda, i mørker går det bort, og i mørker ¬får det namnet sitt løynt.

5Det har ikkje sett dagsens ljos og kjenner ikkje sola. Likevel kviler det betre ¬enn han,

6om han så hadde levt i to gonger tusen år, men ikkje fått røyna lukka. Fer ikkje alle til same staden?

7Mennesket strevar berre ¬for maten, men det får aldri ¬stetta sin trong.

8Kva føremon ¬har den vise framfor dåren? Kva hjelper det ein stakkar ¬å vita korleis han skal ferdast ¬i livet?

9Det er betre å sjå ¬på det ein har, enn å gå der ¬med hug på noko anna. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

10Alt som er til, er nemnt med namn ¬for lenge sidan; og det er føreåt kjent ¬kva eit menneske skal verta. Ingen kan føra sak mot den som er sterkare ¬enn han sjølv.

11For di fleire ord, ¬di større fåfengd, og kva gagn har mennesket ¬av det?

12Ja, kven veit kva som er best for menneska her i livet, alle dei fåfengde dagane dei lever som ein skugge? Kven kan fortelja menneska kva som skal henda etter dei ¬under sola?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.