Ecclesiastes 9NO1978NN

1Ja, alt dette ¬la eg meg på hjarta, ville prøva ¬om rettferdige og vise og det dei gjer, ¬er i Guds hand. Inkje menneske kan vita noko om det som ligg framføre, om det er kjærleik eller hat.

2Same lagnaden får dei alle, både rettferdige og vonde, den gode og reine ¬og den som er urein, den som ofrar, ¬og den som ikkje ofrar. Sameleis går det den gode ¬og syndaren, sameleis den som sver, og den som er redd for å sverja.

3Det er det vonde med alt ¬som hender under sola, at alle får same lagnaden. Så lenge menneska lever, er hjarta deira fullt ¬av vondskap og vitløyse. Og sidan må dei fara ¬til dei døde.

4Det er von for den ¬som høyrer til mellom alle dei levande. Betre å vera ¬ein levande hund enn ei daud løve.

5Dei levande veit ¬at dei skal døy, men dei døde ¬veit ingen ting. Dei får ikkje lenger løn, for minnet om dei er gløymt.

6Deira kjærleik og hat ¬og misunning er ende for lenge sidan. Aldri i æve skal dei få del i alt det ¬som hender under sola.

7Så gå og et ditt brød ¬med glede, og drikk din vin ¬med godt mot! Gud har då for lenge sidan samtykt i det du gjer.

8Lat kleda dine ¬støtt vera kvite, og lat det aldri ¬vanta olje på hovudet!

9Nyt livet med den kvinna ¬du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv som Gud har gjeve deg ¬under sola. For det er din lut i livet midt i alt det strev og slit som du har under sola.

10Alt det du kan gjera ¬med di hand, skal du gjera etter beste evne. For i dødsriket, ¬som du går til, er det korkje arbeid ¬eller plan, korkje kunnskap eller visdom.

11Elles såg eg under sola: Det er ikkje dei lettføtte ¬som vinn laupet, og ikkje dei djerve ¬som sigrar i krig; dei vise får heller ikkje brød, dei vituge vert ikkje rike, og dei som kan noko, ¬finn ikkje velvilje. Tid og lagnad ¬møter dei alle.

12For mennesket ¬kjenner ikkje si tid. Liksom fisk som er fanga ¬i det vonde garnet, eller fugl som har gått i snara, såleis vert menneska fanga ¬i ei vond tid, når ulukka ¬brått kjem over dei.

13Eg har òg sett ¬korleis det går med visdomen her under sola, endå eg tykte han var så stor:

14Det var ein liten by, og der budde nokre få menn. Så kom det ein mektig konge ¬mot han. Han kringsette byen og bygde store vollar mot han.

15Det fanst der i byen ein mann som var fattig, ¬men vis. Han kunne berga byen ¬med sin visdom, men ikkje eit menneske tenkte på denne fattige mannen.

16Då sa eg: Visdom er betre enn styrke; men folk vanvørder ¬fattigmanns visdom, og ingen høyrer ¬på det han seier.

17Ord av vismenn ¬som høyrest i ro, er betre enn hovdings rop ¬mellom dårar.

18Visdom er betre ¬enn krigsvåpen, men ein syndar ¬kan øydeleggja mykje godt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.