Ecclesiastes 10NO1978NN

1Når ein lagar salve, ¬kan daude fluger få oljen til å lukta og gjæra. Litt dårskap veg meir ¬enn visdom og ære.

2Vismanns hug ¬står til det som er rett, dårens hug ¬til det som er rangt.

3Jamvel når dåren ferdast ¬på gata, vantar han vit. Han lèt alle sjå ¬at han er dum.

4Om styresmannen harmast ¬på deg, skal du ikkje gå frå din plass; for sinnsro ¬kan hindra store synder.

5Ein uting har eg sett ¬under sola, eit mistak av den ¬som har makta:

6at dårar kjem i høgsetet, medan rikfolk må sitja nedst.

7Eg har sett trælar ¬ri på hestar, medan stormenn ¬gjekk til fots som trælar.

8Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, ¬kan ormen bita.

9Den som bryt stein, ¬kan få mein av det. Den som høgg ved, ¬kan koma i fare.

10Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt, må ein bruka di større kraft. Den vise har større von ¬om å lukkast.

11Når ein mann vert biten ¬av ein orm før maningsordet er sagt, kva gagn har han då ¬av si kunst?

12Den vise vinn velvilje med orda han talar, men dårens lipper ¬skader han sjølv.

13Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap, og det siste han seier, ¬er reine galskapen.

14Dåren brukar mange ord; men ingen veit ¬kva som skal henda. Kven kan fortelja mannen kva som skal koma ¬når han er borte?

15Dåren masar så han vert trøytt, han som ikkje eingong veit ¬vegen til byen.

16Ve deg, land ¬som har eit barn til konge og stormenn som held gilde ¬frå morgonen av.

17Sælt er du land som har ein høgætta konge og stormenn ¬som held måltid i rette tid, sterke menn som ikkje drikk.

18Når latskapen rår, ¬sig bjelkane ned, og sit ein med hendene ¬i fanget, dryp det inn i huset.

19Folk held gjestebod ¬for å moroa seg, og vinen gjev glede i livet. Alt dette kan ein få for pengar.

20Ikkje eingong i tankane skal du forbanna kongen. Jamvel ikkje i ditt soverom må du forbanna den rike. For himmelens fuglar ¬ber lyden av stad, dei som har venger, ¬fortel kva du har sagt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.