Ecclesiastes 11NO1978NN

1Kast brødet ditt ¬på vatnet; for med tida ¬finn du det att.

2Del det du har ¬med sju eller åtte; for du veit ikkje kva ¬for ulukker som kan henda på jorda.

3Når skyene vert fulle av regn, auser dei det ut over jorda. Fell eit tre, ¬mot sør eller nord, vert det liggjande der det fall.

4Den som aktar på vinden, ¬får ikkje så, den som kikkar på skyene, ¬får ikkje hausta.

5Likså lite som du veit kva veg vinden blæs, eller korleis beina vert til hjå fosteret i mors liv, likså lite kan du vita korleis Gud som skaper alt, ¬gjer sitt verk.

6Så ditt sæde om morgonen, og lat ikkje handa kvila ¬om kvelden. Du veit då ikkje ¬kva som vil lukkast, anten det eine eller det andre, eller om alt er like godt.

7Ljoset er ein hugnad ¬for auga, det gjer godt å sjå sola.

8Om åra vert mange, ¬skal mennesket leva og gleda seg over dei alle. Det skal tenkja ¬på dei mørke dagar, for av dei vert det mange. Alt som skal koma, er fåfengd.

9Gled deg, ungdom, ¬medan du er ung, ver glad og nøgd i livsens vår! Gå på dei vegar som hjarta vil, fylg det som lokkar ditt auga! Men vit at Gud ¬skal krevja deg til rekneskap for alt det du har gjort.

10Få sutene ut or din hug, og hald det vonde frå livet! For ungdomstida, livsens vår, kverv som ein pust.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.