Ecclesiastes 12NO1978NN

1Tenk på din skapar ¬i ungdoms år, før dei vonde dagane kjem, før det lid til dei år ¬då du må seia: «Eg likar dei ikkje,»

2før solljos og måne ¬og stjerner mørkjest, og skyene kjem att ¬etter regnet.

3Då skjelv dei som vaktar huset, og dei sterke mennene ¬krøkjest. Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid, fordi dei har vorte så få; og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest.

4Begge gatedørene vert ¬stengde, og kvernduren er døyvd; fuglekvitringa tagnar, og alle songmøyane ¬vert lågmælte.

5Då syter ein for kvar bakke, og skræmsler lurer på vegen. Mandeltreet blømer, grashoppa slepar seg fram, og kapersen misser si kraft. For mennesket går ¬til sin evige bustad; dei som skal gråta, ¬ventar på gata.

6Ja, tenk på din skapar før sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest, før krukka går sund ¬attmed kjelda, og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen,

7før støvet vender attende ¬til jorda, og ånda går til Gud, ¬som gav henne.

8Berre ideleg fåfengd, ¬seier Forkynnaren; alt er fåfengd!

9Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.

10Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.

11Ord av vismenn ¬er som broddar, fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar. Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen.

12Men elles, son min, ¬lat deg åtvara! Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga, og mykje gransking ¬leitar på kroppen.

13Til sist ¬kan alt samlast i dette: Ottast Gud, og hald hans bod! Det bør alle menneske gjera.

14For Gud ¬skal døma kvar gjerning, halda dom over alt ¬som er løynt, anten det er godt eller vondt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.