Ecclesiastes 1NO1978NN

1Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem.

2Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren, berre ideleg fåfengd!

3Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev, som det møder seg med ¬under sola?

4Ætter går, og ætter kjem, men jorda står alltid ved lag.

5Sola renn, og sola glader, så skundar ho seg attende til staden der ho går opp.

6Vinden blæs mot sør, så snur han mot nord; støtt snur og skifter han og tek atter til ¬på same rundgang.

7Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna.

8Mannen trøytnar av å tala og får ikkje sagt det han vil. Auga vert ikkje mett av å sjå, og øyra får aldri nok ¬av å høyra.

9Det som var, skal alltid vera, og det som hende, ¬skal atter henda. Det finst ingenting nytt ¬under sola.

10Vert det sagt om eitkvart: ¬«Sjå, dette er nytt», har det likevel funnest før, alt ifrå eldgamal tid.

11Ingen tenkjer på ætter ¬som var; og ætter som ein gong kjem, vil heller ikkje leva i minnet hjå dei som sidan fylgjer.

12Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem.

13Eg sette meg føre å granska og ransaka med visdom alt det som hender ¬under himmelen. Det er eit plagsamt strev Gud har gjeve menneska.

14Eg såg på alt det som hender, og det som vert gjort ¬under sola. Sjå, alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

15Det som er kroket, ¬kan ikkje beinkast, og det som vantar, ¬kan ikkje teljast.

16Eg tenkte med meg: Sjå, eg har fått større ¬og rikare visdom enn alle dei som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg røynt ¬av visdom og kunnskap.

17Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna, å få kjennskap ¬til vitløyse og dårskap. Men eg fann at det òg ¬er jag etter vind.

18For med stor visdom ¬fylgjer mange suter. Den som aukar sin kunnskap, ¬aukar si kvide.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.