Ecclesiastes 2NO1978NN

1Eg tenkte med meg: No vil eg prøva gleda og nyta det som er godt! Men det òg var fåfengd.

2Om låtten sa eg: ¬«Han er vitlaus», og om gleda: ¬«Kva skal ho tena til?»

3Då fekk eg den tanken at eg skulle kveikja meg ¬med vin, men la vitet styra meg ¬med visdom. Eg ville halda meg ¬til dårskapen til eg fekk sjå kva som er best for menneska under himmelen den korte tida livet varer.

4Så sette eg store ting ¬i verk: Eg bygde hus ¬og planta vingardar,

5stelte til hagar og parkar og sette alle slag frukttre ¬i dei.

6Eg bygde dammar til å vatna ein skog med tre ¬som voks opp.

7Eg kjøpte trælar ¬og trælkvinner, og andre trælar ¬var fødde i mitt hus. Storfe og småfe fekk eg meg òg, i større mengd enn alle dei som levde i Jerusalem før meg.

8Sølv og gull samla eg meg òg, og rikdom ¬frå andre kongar og land. Eg fekk meg songarar ¬og songarinner og det som er ein hugnad ¬for menn, kvinner og atter kvinner.

9Eg vart stor, ¬ja, større enn alle dei som levde i Jerusalem før meg. Men visdomen min ¬heldt eg fast ved.

10Alt det augo ynskte, lét eg dei få; eg nekta meg inga glede. Hjarta gledde seg ¬over alt mitt strev, og det var løna ¬for all mi møde.

11Men så gav eg meg ¬til å tenkja over alt det eg hadde gjort ¬med mine hender, det eg hadde streva ¬og slite med. Sjå, alt var fåfengd ¬og jag etter vind. Det er ingenting å vinna ¬under sola.

12Eg gav meg òg ¬til å tenkja over visdom, vitløyse og dårskap. Kva skal vel kongens ¬ettermann gjera? Det same som andre har gjort ¬for lenge sidan.

13Eg såg at visdom ¬er betre enn dårskap, liksom ljoset ¬er betre enn mørkret.

14Den vise har augo i hausen, medan dåren ferdast i mørker. Men eg skjøna òg at same lagnaden ¬møter dei begge.

15Då tenkte eg med meg: Som det går dåren, ¬så går det meg òg. Kva skal all min visdom ¬tena til? Eg tenkte med meg: Det òg er fåfengd.

16For minnet om den vise lever ikkje lenger ¬enn minnet om dåren. I dagar som kjem, er alt for lenge sidan gløymt. Ja, den vise må døy, ¬han liksom dåren.

17Då vart eg lei av livet, for eg lika ille ¬det som hender under sola. Alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

18Eg vart lei av alt mitt strev, alt slitet eg har hatt ¬under sola. For alt må eg lata over til den som kjem etter meg.

19Kven veit om det vert ein vis ¬eller ein dåre som skal rå over det ¬eg har vunne med mitt strev og min visdom ¬under sola? Det òg er fåfengd.

20Då vart eg reint motlaus for alt det strev ¬eg har hatt under sola.

21For det hender ¬at eit menneske strevar med visdom, kunnskap ¬og dugleik og må gje det i arv ¬til ein annan som ikkje har hatt noko bry ¬med det. Det òg er fåfengd, ¬ei stor ulukke.

22Kva har då mennesket att for alt sitt slit og strev som han har plaga seg med ¬under sola?

23Alle hans dagar ¬er fulle av pinsle, og alt det han driv med, ¬valdar sorg. Ikkje eingong om natta får hjarta hans kvila. Det òg er fåfengd.

24Det beste eit menneske ¬kan gjera, er å eta og drikka og unna seg gode dagar midt i alt sitt strev. Men eg fekk sjå at det òg kjem frå Guds hand.

25For kven kan utan han eta og vera glad?

26Ja, Gud gjev visdom og kunnskap og glede til dei menneske ¬han synest om. Men syndarar gjev han strevet med å samla og sanka, og sidan må dei gje det alt til dei som Gud synest om. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.