Deuteronomy 29NO1978NN

1Dette er orda om den pakta som Herren baud Moses å gjera med israelittane i Moab, attåt den pakta han hadde gjort med dei ved Horeb.

2Moses kalla heile Israel saman og sa til dei: De har sett alt det Herren gjorde for augo på dykk i Egypt med farao og alle tenarane og heile landet hans.

3Med eigne augo såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera.

4Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk ein hug som skjønar, augo som ser, og øyro som høyrer.

5Han førte dykk i øydemarka i førti år. Kleda dykkar vart ikkje utslitne, og skorne gjekk de ikkje ut, så dei datt av føtene.

6De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk; for han ville de skulle skjøna at han er Herren dykkar Gud.

7Då de kom til denne staden, fór Sihon, kongen i Hesjbon, og Og, kongen i Basan, ut til strid mot oss, men vi vann over dei.

8Vi tok landet deira og lét Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta få det til odel og eige.

9Så akta då på orda i denne pakta og lev etter dei! Då skal de ha lukke med dykk i alt de gjer.

10I dag står de alle framfor Herren dykkar Gud, ættehovdingane, dei eldste, tilsynsmennene og kvar mann i Israel,

11borna og kvinnene dykkar og innflyttarane som held til i leiren din, dei som høgg ved og dei som ber vatn for deg.

12No skal du gå inn i pakta med Herren din Gud og i det eids-sambandet som han gjer med deg i dag.

13For i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, så som han sa deg og med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

14Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta og dette eids-sambandet,

15men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Gud, og med dei som enno ikkje er hjå oss.

16De veit sjølve at vi budde i Egypt, og at vi fór fram gjennom landa åt dei folka de laut fara framom.

17De såg dei ufyselege gudebileta deira, avgudane deira av stokk og stein, av sølv og gull.

18Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinne, ættgrein eller ætt som i dag vender hugen bort frå Herren vår Gud, så dei går av og dyrkar gudane åt desse folka. Lat det ikkje finnast hjå dykk noka rot som det renn giftplanter og malurt av.

19Ingen må, når han høyrer boda i dette eids-sambandet, prisa seg lukkeleg og seia: «Meg går det nok godt om eg fylgjer mitt harde hjarta.» Då øyder han både det vassrike og det turre landet.

20Herren vil aldri tilgje ein slik mann, men Herrens vreide og brennhug skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nemnde i denne boka, skal koma over han, og Herren skal stryka ut namnet hans under himmelen.

21Herren skal skilja han ut frå alle Israels ætter, og det skal gå han så ille som sagt er i alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.

22Og når komande ætter, borna som veks opp etter dykk, og dei framande som kjem frå land langt borte, ser dei plager som har råma dette landet, og dei sjukdomar Herren har sendt over det,

23– med svovel og salt er heile landet avsvide, så ein ikkje kan så og få det til å gro, og ikkje eit strå kan veksa der, ei øydelegging som då Herren i sin vreide og harme gjorde ende på Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim –

24då skal både dei sjølve og dei andre folkeslaga spørja: «Kvifor har Herren fare såleis åt med dette landet? Kvifor logar vreiden hans så veldig?»

25Og dei skal få til svar: Det var fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut or Egypt.

26Dei gjekk av og dyrka andre gudar, bøygde seg og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei lov til å dyrka.

27Difor loga Herrens vreide opp mot dette landet, og han førte over det all den forbanning som er skriven i denne boka.

28I vreide, harme og stor uvilje rykte Herren dei opp or landet deira og kasta dei bort til eit anna land, og der har dei vore til denne dag.

29Det dulde høyrer Herren vår Gud til; men det som er openberra, gjeld for oss og våre born til evig tid, så vi kan halda alle boda i denne lova.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.