Deuteronomy 30NO1978NN

1Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til hjarta ute mellom alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til,

2og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine,

3då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom.

4Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der.

5Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.

6Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva.

7Men alle desse forbanningane skal Herren din Gud venda mot fiendane dine og mot dei som hatar og forfylgjer deg.

8Då skal du atter vera lydig mot Herren og halda alle boda hans, som eg gjev deg i dag.

9Og i alt du tek deg til, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av det som godt er, av born og buskap og grøde på jorda. For endå ein gong skal Herren gleda seg over deg og gjera vel imot deg, liksom han gledde seg over fedrane dine,

10så sant du lyder Herren din Gud og held boda og føresegnene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug.

11Desse boda som eg gjev deg i dag, er ikkje for vanskelege eller for langt borte for deg.

12Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»

13Dei er heller ikkje på hi sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»

14Nei, ordet er deg nærare enn som så; det er i munnen din og i hjarta ditt, så du kan leva etter det.

15Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde.

16Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud, går på hans vegar og held deg etter hans bod, føresegner og domar, då skal du leva og aukast. Og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.

17Men vender du hugen din bort og ikkje lyder, og lèt du deg riva med, så du bøyer deg og tilbed andre gudar og dyrkar dei,

18då seier eg dykk i dag at de skal gå til grunne. De skal ikkje få leva lenge i det landet som de kjem inn i og legg under dykk når de no går over Jordan.

19Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva, både du og ætta di.

20Elska Herren din Gud, høyr på han og hald deg til han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.