Deuteronomy 28NO1978NN

1Er du lydig mot Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle boda hans, som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda.

2Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud:

3Velsigna vere du i byen og velsigna ute på marka!

4Velsigna vere di livsfrukt og grøda av di jord, det dine husdyr ber, det som vert født av storfe, og det som kjem til ¬mellom småfe!

5Velsigna vere di korg ¬og ditt bakstetrog!

6Velsigna vere du ¬når du kjem inn, og velsigna når du går ut!

7Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren syta for at du vinn over dei. Dreg dei ut mot deg på éin veg, skal dei røma for deg på sju vegar.

8Herren skal by velsigninga si vera med deg i matbua di og i alt du tek deg føre. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg.

9Herren vil gjera deg til eit heilagt folk for seg, som han med eid har lova deg, så sant du held boda åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar.

10Alle folk på jorda skal sjå at Herrens namn er nemnt over deg, og dei skal få age for deg.

11Rikeleg skal Herren gje deg av alt det som godt er, av born og buskap og grøde på marka, i det landet Herren med eid lova fedrane dine å gje deg.

12Han skal opna for deg sitt rike forrådskammer, himmelen, og la landet få regn i rette tid og velsigna alt det du gjer og tek deg føre. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna.

13Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du ha framgang, aldri tilbakegang, så sant du lyder boda åt Herren din Gud, som eg gjev deg i dag, og legg vinn på å leva etter dei.

14Du må ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre, frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, så du ikkje held deg til andre gudar og dyrkar dei.

15Men vil du ikkje lyda Herren din Gud, legg du ikkje vinn på å leva etter alle boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag, skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg:

16Forbanna vere du i byen og forbanna ute på marka!

17Forbanna vere di korg ¬og ditt bakstetrog!

18Forbanna vere di livsfrukt og grøda av di jord, det som vert født av storfe, og det som kjem til ¬mellom småfe!

19Forbanna vere du ¬når du kjem inn, og forbanna når du går ut!

20Kva du så tek deg føre, skal Herren senda forbanning, rådløyse og trugsmål over deg, til du vert utrudd og brått går til grunne, fordi du bar deg så ille åt at du gjekk bort frå meg.

21Herren skal ikkje la pesten sleppa taket på deg før han har rudt deg ut or det landet du no går inn i og legg under deg.

22Med tæring og verk skal han slå deg, med kulsing og feber, med turk og kornbrann og rust. Dette skal forfylgja deg heilt til du går til grunne.

23Himmelen oppover deg skal vera som bronse og jorda under deg som jern.

24Regnet som kjem over landet ditt, skal Herren gjera til støv og mold. Det skal falla ned på deg frå himmelen, til du vert utrudd.

25Herren skal syta for at fiendane dine vinn over deg. Dreg du ut mot dei på éin veg, skal du røma for dei på sju vegar. Du skal verta eit skræmsel for alle rike på jorda.

26Lika av dykk skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.

27Herren skal slå deg med svullar som i Egypt, med verk og skabb og skurv som ikkje kan lækjast.

28Han skal slå deg med vitløyse, blindskap og vilske.

29Midt på dagen lyt du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret. Du skal ikkje ha lukke med deg der du ferdast, men dag etter dag skal du trælkast og plyndrast, og det finst ingen som hjelper deg.

30Om du trulovar deg med ei kvinne, skal ein annan mann ta og krenkja henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det, og plantar du ein vingard, får du ikkje ta han i bruk.

31Oksen din skal slaktast medan du ser på, men du får ikkje eta av han. Eselet ditt skal røvast beint for augo dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.

32Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit framandt folk, medan du ser på. Heile dagen skal du stira etter dei med lengsle, men handa di er maktlaus.

33Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp det du har avla på jorda di, og det du har vunne med alt ditt strev. Dag etter dag skal du trælkast og trakkast ned.

34Du kjem til å missa vitet av det synet du får sjå.

35Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde svullar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl.

36Både deg og den kongen du set over deg, skal Herren føra bort til eit folk som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, gudar av stokk og stein.

37Der skal du verta eit skræmsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.

38Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta inn; for grashoppene et det opp.

39Vingardar skal du planta og dyrka, men vin får du korkje drikka eller lagra; for makken et opp druene.

40Oliventre skal du ha i heile landet, men du får ikkje salva deg med olje; for frukta dett ned.

41Søner og døtrer skal du få, men du skal missa dei; for dei må fara i fangenskap.

42Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.

43Innflyttaren som bur hjå deg, skal nå høgare og høgare, medan du sig djupare og djupare.

44Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal vera hovud og du hale.

45Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfylgja deg og nå deg att til du vert utrudd, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei bod og føresegner som han har gjeve deg.

46Dei skal vera teikn og under for deg og etterkomarane dine til alle tider.

47Du tente ikkje Herren din Gud med glede og av hjartans lyst då du hadde rikeleg av alt.

48Difor skal du, svolten, tyrst og kledelaus, ja snau for alt, træla under dei fiendane Herren sender imot deg. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rudt deg ut.

49Herren vil senda mot deg eit folk langt bortanfrå, frå verdsens ende. Dei kjem flygande som ørnar, og du skjønar ikkje språket deira.

50Det er eit folk med harde andlet; dei tek ikkje omsyn til dei gamle og er ikkje milde mot dei unge.

51Dei et opp det du får av buskapen, og det du dyrkar på jorda, til det er ute med deg. Dei leiver korkje korn, vin eller olje, korkje ungdyra i storfeet ditt eller det som kjem til mellom småfeet ditt, før dei har gjort ende på deg.

52Dei kringset deg i alle byane dine, til dess dei høge festningsmurane som du set di lit til, styrtar ned. Og når dei kringset deg i alle byane i heile det landet som Herren din Gud gjev deg,

53då skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene dine, som Herren din Gud gjev deg; så stor ei trengsle og hard ei naud kjem fienden til å føra over deg.

54Jamvel den finaste og mest bortskjemde mannen hjå dykk vil då sjå skeivt til bror sin og kona si som han tek i famn, og til dei borna han enno har att.

55Han unner ingen av dei ein kjøtbit av borna som han et, fordi han ikkje har anna att i den trengsle og naud som fienden fører over deg i alle byane dine.

56Jamvel den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvt å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho var, vil sjå skeivt til mannen sin som ho tek i famn, og til son sin og dotter si.

57Ho vil ikkje dela med dei etterferda som kjem ut or henne, eller borna ho har født. Og snøydd for alt et ho dei i løynd, i den trengsle og naud som fienden fører over deg i byane dine.

58Dersom du ikkje legg vinn på å leva etter alle dei lovbod som er skrivne i denne boka, og ikkje ottast dette herlege og agelege namnet, Herren din Gud,

59då skal Herren senda uhøyrde plager over deg og ætta di, store plager og stygge sjukdomar som ikkje tek ende.

60Atter skal han senda over deg alle dei farsottene som du kjenner frå Egypt, og som du gruar for, og dei skal ikkje sleppa taket i deg.

61Og alle andre sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, til dess du vert utrudd.

62De som før var mange som stjernene på himmelen, skal verta til ein liten flokk, fordi du ikkje lydde Herren din Gud.

63Liksom Herren før gledde seg over å gjera vel mot dykk og la dykk auka i tal, så skal han gleda seg over å gjera ende på dykk og rydja dykk ut. De skal rykkjast opp or det landet du no går inn i og legg under deg.

64Herren skal spreia deg mellom alle folka frå den eine enden av jorda til den andre, og der skal du dyrka andre gudar, som korkje du eller fedrane dine har kjent, gudar av stokk og stein.

65Mellom desse folka skal du aldri få ro og aldri finna kvile for foten din. Der skal Herren gje deg eit skjelvande hjarta, eit sviktande syn og ei motlaus sjel.

66Livet ditt skal hanga i ein tynn tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt.

67Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjarta ditt, og så fælt er det du får sjå.

68Herren skal senda deg attende til Egypt på skip, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de freista å selja dykk sjølve til trælar og trælkvinner til fiendane, men det finst ingen som vil kjøpa.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 28.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.