Deuteronomy 27NO1978NN

1Moses og dei eldste i Israel tala til folket og sa: Akta på alle dei boda eg gjev dykk i dag.

2Den dagen de går over Jordan og kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, skal du reisa nokre store steinar og stryka kalk på dei.

3Når du kjem over, skal du skriva alle boda i denne lova på dei, så du kan få koma inn i det landet Herren din Gud gjev deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, så som Herren, dine fedrars Gud, lova deg.

4Når de kjem over Jordan, skal de reisa desse steinane, så som eg byd dykk i dag, på Ebal-fjellet, og stryka kalk på dei.

5Og der skal du byggja eit altar åt Herren din Gud, eit altar av stein som du ikkje har brukt bitjern på.

6Av steinar som ikkje er tilhogne, skal du byggja altaret åt Herren din Gud, og på det skal du bera fram brennoffer til Herren din Gud.

7Så skal du ofra måltidsoffer og eta der og gleda deg for Herren din Guds åsyn.

8Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle boda i denne lova.

9Moses og levittprestane tala såleis til heile Israel: «Ver still og høyr etter, Israel! Denne dagen har du vorte eit folk som høyrer Herren din Gud til.

10Så ver då lydig mot Herren din Gud, og hald boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag!»

11Same dagen tala Moses til folket og sa:

12Når de har gått over Jordan, skal desse ættene stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin.

13Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.

14Levittane skal ta til ords og seia med høg røyst til kvar mann i Israel:

15Forbanna vere den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, ein styggedom for Herren, eit verk av kunstnarhand, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.

16Forbanna vere den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

17Forbanna vere den som flytter merkesteinar mellom seg og grannen! Og heile folket skal seia: Amen.

18Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg! Og heile folket skal seia: Amen.

19Forbanna vere den som rengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.

20Forbanna vere den som ligg med kona åt far sin! Han vanærar lega åt far sin. Og heile folket skal seia: Amen.

21Forbanna vere den som har omgang med dyr! Og heile folket skal seia: Amen.

22Forbanna vere den som ligg med syster si, dotter til far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

23Forbanna vere den som ligg med mor til kona si! Og heile folket skal seia: Amen.

24Forbanna vere den som slår i hel ein landsmann i løynd! Og heile folket skal seia: Amen.

25Forbanna vere den som tek muter og slår i hel ein skuldlaus mann! Og heile folket skal seia: Amen.

26Forbanna vere den som ikkje held orda i denne lova og lever etter dei! Og heile folket skal seia: Amen.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.