1Når du er komen inn i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, og du har teke det og busett deg der,
2skal du ta fyrstegrøda av alt det du avlar på jorda i det landet Herren din Gud gjev deg, leggja det i ei korg og fara til den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt.
3Der skal du gå fram for den presten som gjer teneste på den tid, og seia: «Eg vitnar i dag for Herren din Gud at eg er komen inn i det landet som Herren med eid lova fedrane våre at han ville gje oss.»
4Og presten skal ta imot korga og setja henne ned framfor altaret åt Herren din Gud.
5Framfor Herren din Guds åsyn skal du ta til ords og seia: «Far min var ein omflakkande aramear. Han fór ned til Egypt og heldt til der med ein liten flokk. Der vart han til eit stort og sterkt og talrikt folk.
6Men egyptarane fór ille med oss og plaga oss og la tungt arbeid på oss.
7Då ropa vi til Herren, våre fedrars Gud, og Herren høyrde ropa våre og såg til oss i vår naud og møde og trengsle.
8Og Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar, med teikn og under.
9Han førte oss til denne staden og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning.
10No kjem eg med fyrstegrøda av det eg har avla på den jord du gav meg, Herre.» Så skal du leggja det ned framfor Herren din Gud, og du skal bøya deg og tilbe han.
11Og du skal gleda deg over alt det gode som Herren din Gud har gjeve deg og huset ditt, både du og levittane og innflyttarane som bur hjå deg.
12Når du tredje kvart år, i tiendeåret, gjev tiend av alt det du har avla, skal du gje det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, så dei kan eta seg mette i byane dine.
13Når du det har gjort, skal du stiga fram for Herren din Gud og seia: «No har eg bore det heilage ut or huset og gjeve det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, heilt og fullt som du har sagt meg. Eg har ikkje brote eller gløymt noko av boda dine.
14Eg har ikkje ete av tienda medan eg hadde sorg; eg har ikkje bore bort noko av henne medan eg var urein, og ikkje gjeve noko til dei døde. Eg har vore lydig mot Herren min Gud og gjort alt det du har sagt meg.
15Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna Israel, folket ditt, og det landet du har gjeve oss, så som du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.»
16Denne dagen byd Herren din Gud deg å halda desse føresegnene og boda. Så legg då vinn på å leva etter dei av heile ditt hjarta og heile din hug!
17I dag har du fått stadfest av Herren at han vil vera din Gud. Han har sagt at du skal gå på hans vegar, halda hans føresegner, bod og domar og lyda han.
18Samstundes har Herren late deg stadfesta at du vil vera hans eige folk, så som han har sagt deg, og at du vil halda alle hans bod.
19Han vil setja deg høgt over alle folk han har skapt, til pris og ære og prydnad, og du skal vera eit heilagt folk for Herren din Gud, som han har sagt.