1Når det kjem til rettssak mellom to menn, og dei møter for retten, skal domarane avgjera saka. Dei skal frikjenna den som har rett, og døma den som er skuldig.
2Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal domaren la han leggja seg ned, og medan han ser på, skal dei gje mannen så mange slag som han fortener etter den uretten han har gjort.
3Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, vert landsmannen din halden for ærelaus.
4Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.
5Når brør bur saman, og ein av dei døyr utan å ha fått søner, skal ikkje enkja hans gifta seg ut or ætta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og ta henne til kone og såleis gjera sin skyldnad mot henne.
6Den fyrste sonen ho får, skal reknast for son til den avlidne broren, så namnet hans ikkje skal døy ut i Israel.
7Men har ikkje mannen hug til å gifta seg med enkja etter bror sin, skal ho gå til dei eldste utmed byporten og seia: «Verbror min nektar å halda oppe namnet åt bror sin i Israel. Han vil ikkje gjera sin skyldnad mot meg.»
8Då skal dei eldste i byen kalla mannen føre seg og tala til han. Held han fast på sitt og seier at han ikkje har hug til å gifta seg med henne,
9skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og seia: «Så gjer ein med den mannen som ikkje vil halda oppe ætta åt bror sin.»
10Sidan skal dei kalla ætta hans «Berrfot-ætta» i Israel.
11Kjem to menn i slagsmål, og kona til ein av dei spring bortåt og vil hjelpa mannen sin, og ho retter ut handa og grip den som slår han, i kjønnslemen,
12då skal du utan medkjensle hogga handa av henne.
13Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme store og somme små.
14Du skal heller ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite.
15Heile og rette vektlodd skal du ha og eit heilt og rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
16Herren din Gud styggjest ved alle som gjer urett på denne måten.
17Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt.
18Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter.
19Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det!