Deuteronomy 24NO1978NN

1Når ein mann har gift seg med ei kvinne, og han ikkje likar henne lenger, fordi han har funne noko hjå henne som byd han imot, kan han skriva eit skilsmålsbrev og gje henne, og så senda henne bort frå huset sitt.

2Set no at ho etter å ha flytt frå han, går stad og gifter seg med ein annan.

3Dersom han òg får uvilje mot henne, skriv eit skilsmålsbrev og gjev henne, og så sender henne bort frå huset sitt, eller dersom han døyr,

4då kan ikkje han som fyrst skilde seg frå henne, ta henne til kone att etter at ho har vorte urein; for det er ein styggedom for Herren. Du må ikkje føra synd over det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige.

5Ein nygift mann skal ikkje fara ut i krig, og det må ikkje leggjast andre plikter på han. Han skal vera friteken i eitt år, til gagn for huslyden sin og til glede for kona som han har fått.

6Ingen må ta ei handkvern eller ein kvernstein i pant, for då tek han pant i ein manns liv.

7Kjem du over ein mann som røvar ein av brørne sine, ein israelitt, og han fer stygt med han eller sel han til træl, då skal ransmannen døy. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

8Når nokon får ein hudsjukdom som gjer urein, må de syta vel for å gjera alt det som levittprestane lærer dykk. Legg vinn på å gjera så som eg har sagt dei!

9Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egypt.

10Når du låner ein landsmann noko, må du ikkje gå inn i huset hans og ta pant hjå han.

11Du skal stå utanfor, så mannen du gjev lånet, sjølv kan koma ut til deg med pantet.

12Er det ein mann som lid naud, skal du ikkje leggja deg til å sova i den kappa han har pantsett.

13Lat han få att pantet når sola glader, så han kan liggja i kappa si! Då vil han velsigna deg, og du står rettferdig for Herren din Gud.

14Du skal ikkje gjera urett mot ein leigekar som er fattig og lid naud, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar som bur i ein av byane i landet ditt.

15Du skal gje han løn same dagen, før sola glader, for han treng løna og stundar etter henne. Elles kunne han ropa til Herren og klaga på deg, og du vart skuldig i synd.

16Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.

17Du skal ikkje rengja retten for innflyttarar og farlause og ikkje ta kleda åt ei enkje i pant.

18Kom i hug at du var træl i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå. Difor byd eg deg å gjera dette.

19Når du haustar inn kornet på åkeren din og gløymer eit kornband der, skal du ikkje gå attende og henta det. Innflyttarar, farlause og enkjer skal ha det. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg føre.

20Når du slår ned frukta av oliventrea, skal du ikkje sjå over greinene ein gong til. Det som er att, skal innflyttarar, enkjer og farlause ha.

21Når du haustar vingarden din, skal du ikkje sanka dei druene som heng att. Dei skal innflyttarar, farlause og enkjer ha.

22Kom i hug at du var træl i Egypt. Difor byd eg deg å gjera dette.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.