1Ingen av levittprestane, ingen som høyrer Levi-ætta til, skal ha arv og del saman med dei andre israelittane. Dei skal leva av Herrens eldoffer og av det som elles høyrer han til.
2Men nokon arv saman med brørne sine skal dei ikkje ha. Herren er deira arv, som han har lova dei.
3Dette skal prestane ha rett til hjå folket: Dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau, skal gje presten bogen, kjevane og vomma.
4Fyrstegrøda av kornet ditt og vinen din og oljen din og den fyrste ulla av sauene dine skal du òg gje han.
5For han og sønene hans har Herren din Gud valt ut mellom ættene dine, så dei skal stå og gjera teneste i Herrens namn i alle tider.
6Når ein levitt fer bort frå ein av dei byane i Israel som han har halde til i, kan han, om han har hug, koma til den staden Herren vel seg ut.
7Der kan han gjera teneste i namnet åt Herren sin Gud liksom dei andre levittane, brørne hans, som står for Herrens åsyn.
8Dei skal få like stor del å leva av, forutan det kvar får om han sel fedrearven sin.
9Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter all den styggedomen som folka der fer med.
10Hjå deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann.
11Ingen må driva med svartekunster, spørja gjengangarar og spådomsånder eller be om råd hjå dei døde.
12For Herren styggjest ved alle som gjer slikt, og det er fordi folka har fare med slik styggedom at Herren din Gud driv dei ut for deg.
13Heilhjarta skal du vera mot Herren din Gud.
14Desse folka som du skal driva ut, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg har Herren din Gud ikkje gjeve lov til slikt.
15Av ditt eige folk, av landsmennene dine, skal Herren din Gud reisa opp ein profet som meg mellom dykk. Han skal de høyra på.
16Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: «Eg kan ikkje lenger høyra på røysta åt Herren min Gud, og denne store elden kan eg ikkje lenger sjå på; for då må eg døy.»
17Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier.
18Av landsmennene deira vil eg reisa opp ein profet som deg mellom dei. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg byd han.
19Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.
20Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy.
21Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa:
22Når ein profet talar i Herrens namn, og det han seier, ikkje hender og ikkje vert oppfylt, då er det ordet ikkje frå Herren. Det er profeten sjølv som har vore vørdlaus nok til å tala, og då treng du ikkje vera redd han.