Deuteronomy 19NO1978NN

1Når Herren din Gud rydjar ut folkeslaga i det landet han gjev deg, og du driv dei ut og buset deg i byane og husa deira,

2då skal du skilja ut tre byar i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige.

3Du skal fastsetja kvar dei skal liggja. Og heile det landet Herren din Gud gjev deg til eigedom, skal du dela i tre, så kvar drapsmann har ein stad å røma til.

4I desse høve kan ein drapsmann røma dit og berga livet: Når nokon drep ein landsmann av vanvare og utan å ha bore hat til han frå før,

5som når ein mann går saman med grannen sin ut i skogen og skal hogga tømmer, og han svingar øksa og vil fella eit tre, men øksa fer av skaftet og råkar grannen så han døyr, då kan mannen røma til ein av desse byane og berga livet.

6Elles kunne blodhemnaren i rykande sinne setja etter drapsmannen, og var vegen lang, kunne han nå han att og slå han i hel, endå mannen ikkje var skuldig til døden, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap.

7Difor er det eg byd deg at du skal skilja ut tre byar.

8Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, som han med eid lova fedrane dine, og lèt deg få heile det landet han lova å gje dei,

9så sant du aktar på alle desse boda og gjer det eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud og alltid går på hans vegar, då skal du leggja endå tre byar til desse tre.

10For det må ikkje renna skuldlaust blod i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, så det kjem blodskuld over deg.

11Men dersom ein mann som ber hat til nesten sin, ligg på lur etter han, tek på han og gjev han eit slag så han døyr, og han rømer til ein av desse byane,

12skal dei eldste i heimbyen hans senda folk og henta han heim att. Dei skal gje han over til blodhemnaren, og mannen må døy.

13Du skal ikkje spara han. Såleis skal du reinsa Israel for skuldlaust blod, så det kan gå deg vel.

14Du skal ikkje flytta merkesteinane mellom deg og grannen din, dei som fedrane har reist på den jorda du får i arv i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige.

15Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann for eit brot eller ei synd, kva synd det så måtte vera. Berre etter to eller tre manns vitnemål skal ei sak stå fast.

16Når eit vondskapsfullt vitne står fram mot ein mann og skuldar han for fråfall,

17skal begge partane i saka stiga fram for Herrens åsyn, for dei prestane og domarane som då gjer teneste.

18Og domarane skal granska saka vel. Syner det seg då at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann,

19skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med hin. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

20Dei andre skal få høyra om det og reddast, så det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning mellom dykk.

21Du skal ikkje visa medkjensle. Her gjeld liv for liv, auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.