Deuteronomy 17NO1978NN

1Du skal ikkje ofra til Herren din Gud oksar eller sauer som har lyte eller mein. Det er ein styggedom for Herren din Gud.

2Finst det mellom dykk, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg, ein mann eller ei kvinne som gjer det Herren mislikar, og bryt pakta hans,

3ein som i strid med det eg har sagt, går bort og dyrkar andre gudar, bøyer seg og tilbed dei eller sola eller månen eller heile himmelhæren,

4og dette vert sagt deg, og du får høyra om det, då skal du granska saka vel. Syner det seg at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort i Israel,

5skal den som har gjort brotet, anten det er mann eller kvinne, førast ut til byporten og steinast i hel.

6Etter to eller tre manns vitnemål skal dødsdomen fullførast. Etter éin manns vitnemål skal ingen lata livet.

7Vitna skal vera dei fyrste som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket gjera det same. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

8Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan døma i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller lekamsskade eller andre ting som det er strid om i byane dine, skal du ta ut og fara opp til den staden Herren din Gud vel seg ut.

9Der skal du gå til levittprestane og til han som er domar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal fortelja deg kva dom som skal fellast.

10Og du skal retta deg etter det dei seier på den staden Herren vel seg ut. I eitt og alt skal du gjera som dei lærer deg.

11Den rettleiinga dei gjev deg, og den domen dei seier deg, skal du halda deg etter. Du må ikkje vika av frå det dei seier, korkje til høgre eller venstre.

12Den mannen som er så vørdlaus at han ikkje høyrer på presten som står og gjer teneste for Herren din Gud, eller på domaren, han skal lata livet. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

13Heile folket skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir vågar å gjera noko så vørdlaust.

14Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil ha ein konge over meg liksom alle folka rundt ikring meg»,

15då skal du setja den mannen som Herren din Gud vel ut, til konge over deg. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein utlending, ein som ikkje er landsmannen din.

16Men kongen må ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt, så han kan få seg fleire hestar. Herren har då sagt at de ikkje meir skal fara den vegen.

17Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner, så han vert lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i mengd.

18Når han set seg i kongsstolen, skal han få ei avskrift av denne lova frå levittprestane; ho skal vera skriven i ein bokrull.

19Den skal han ha hjå seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å ottast Herren sin Gud. Og han skal akta på alle bod og føresegner i denne lova og leva etter dei,

20så han ikkje i hovmod set seg over landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.